tirsdag 31. januar 2012

Måneskinstur på Vardane

Flott måneskinnstur på Vardane (776 moh) på Sula. Skia måtte bærast eit stykke. Det var nok måneskin frå halvmånen til å gå opp utan lys.

På veg oppover diskuterte vi stjernebilda. Nokon kunne vi. Det var noko som lyste så sterkt i vest. - Er det Venus kanskje? Vi vart gåande å kikke på denne ei stund. - Ser den ikkje litt rar ut? Litt stor? Beveger seg veldig fort? -Litt flammeaktig? - Nei, dette kan ikkje vere ei vanleg stjerne. - Er det ein meteoritt?
Eg googla sjølvsagt når eg kom heim, og jauda, her hadde vi sett eit himmelfenomen; Asteroiden 433 EROS.

Sjølv om eg har vore her før, så var det langt innover. Føtene (og særleg hofteleddsbøyaren) ville ikkje heilt vere med. Eg hadde difor nok å bekymre meg om på veg opp.   

På toppen av Vardane!

Kaldt. Rundskue med lysa frå Ålebyen og Spjelkavika, Hareid m.m Ønskjar meg framleis nytt fotoapparat til kveldsturar...

Så skulle vi ned. Alt var så vaklevorent og ekkelt og eg hadde ikkje kontroll på ein flekk. Hadde sjølvsagt gløymt å sette skoa i "utfor-stillet" - så det hjalp no betrakteleg å spenne dei fast....

Føret var supert for ein nybegynnar som meg. Hardpakka snø med nokre centimeter laust oppå. Det var litt uvant å berre ha lyset frå hovudlykta å sjå etter. Absolutt meir kjekt enn skummelt.  

Dette var ein superfin gjeng å fare på tur med. Alternativa denne tirsdagskvelden var foredrag med Cecilie Skog på Giske eller "frustrerte fruer" på TVèn og begge delar vart lett utkonkurrert!

søndag 29. januar 2012

Padlepremiere og trippeltest

Første turen med kajakk i 2012! Susan, sol og søndag. SSStrålande! I dag hadde vi så mange ting som skulle prøvast, testast og leikast med, at padlinga var litt underordna. Like greit, sidan teknikken var litt rusten og padlemusklane (som vi var sikker på at vi hadde i fjor) på ein måte mangla.

Knallfint innover fjorden med kvite toppar på alle kantar

Prosjekt 1. Utforske øyane i Ellingsøyfjorden.
Susan skal på tur med ungane etterkvart, og vi driv seriøs kartlegging av potensielle leirplassar.

Fine leirplassar observert på Svinøya og Vikholmen. Vikholmen egnar seg for å arrangere padletreff med masse folk og telt - sjå for ein idyll!

Det var berre eit lite problem...

Det er alltid mykje styr med dei fastbuande på slike plassar. Når dei fastbuande i tillegg har fire føt, er like sta som dei er nyfikne og har appetitt på det meste....

Prosjekt 2. Turmat.
Susan skulle teste nytt gassbluss og ny turmatoppskrift. Dette var knallgodt, enkelt, raskt og med eit utal variasjonsmoglegheiter. Kan brukast som frukost, lunsj og middag. 

Konseptet: 
Egg
Havregryn (store, lettkokte)
Gulrot og løk i bitar (bytt ut med det du vil, t.d skinke, bacon, purre)
Krydder 

Bland alt:

Steik i passelege "kaker" på panna - sjå ferdig resultat til høgre. Har nokon eit passeleg namn på denne tur-retten?

Prosjekt 3. Telt-test.
Internett, sein kveld, oppspilt og gira på tur, timestilbod. Livsfarleg kombinasjon. Vel vel. Exped Orion er i hus. Teltet fekk plass i kajakken. Det var greit å sette opp. Slik ser det altså ut:

Det er plass til to, men det er ein klar fordel å vere venner... Lite bagasjeplass/fortelt x 2. Sjølvberande er ein fordel. Godkjent og bestått første test.

Utsikt fra teltet. Lovande. Det blir ikkje gale å vakne opp til slike scener..

Slik gjekk no dagen. Årstidsforvirringa held fram. Juni? Januar? Småbåtar susar forbi, trivelege padlarar stoppar og sler av ein prat, teltet er på plass, bålet surklar og brenn og impregnerar oss med røyklukt...   Klart meir junikjensle enn vinterdag.

Herlege søndagar tek dessverre også slutt. Vi nytta siste rest av skumring til å komme oss ut fjorden att.
Padlesesongen 2012 er herved offisielt opna.

Alle testar gjennomført og godkjent med glans. Treng eg seie at vi er klar, motiverte og gira på overnattingsturar? Susan sin versjon av søndagsturen på bloggen Padlegleder.


Turen vart ca 11 km.
NB: Det gjekk ikkje an å padle mellom Kalven og Litlekalvøya på fjære sjø utan å vasse/bere, men det gjekk heilt fint på floa.

lørdag 28. januar 2012

Topptur i Sykkylven (Langfjella 1118 moh)

Klar for min første topptur med Randonee-ski! - Langfjella er ein lett og fin tur som er passeleg for deg å begynne med, seier Trude. Så mumlar ho noko om utsikta men eg høyrer ikkje skikkeleg etter...

Det går over all forventning. Skia er ikkje så tunge som frykta og kroppen er ganske samarbeidsvillig. Skifeller er ei genial oppfinning. Lunsj i bakkane under Høgenykjen. Vi er litt årstidsforvirra. Reine påskestemninga jo!
Oppover og oppover. Godt feste. Flott landskap. Snart er vi på høgde med toppen av skitrekket. Motivasjonen er bra. Trude forklarar. Om skibindingar, snøskavlar og val av linjer i terrenget. Eg sug til meg lærdom.

Landskapet vert vakrare. Nesten oppe er Brunstadhornet eit flott motiv bak Høgenykjen. Eg er kjempefornøgd.

Endeleg bikkar vi kanten og kjem opp på toppen. Eg får sjokk. Det er så fantastisk at eg får lyst til å hoppe og rope og heie og ...!! Taggerekka står i mot oss på andre sida av dalen. No ser vi rett BORT på taggane. Det er nesten så eg trur eg kan ta på dei.

Mot sola ligg det lag på lag med toppar og tindar som eit Soria-Moria landskap.
Dette er den aller flottaste utsikta eg NOKON GONG har sett!

Det er heilt vindstille på toppen, så det er kjekt å vere her oppe ei stund. Vi tek bilde, et lunsj nummer 2, og drøymer om kor mange av desse toppane vi skal bestige i løpet av året. Høgdeskrekken skal få tøye seg ja!

Eg vart "høg" på utsikta. Som ein rus. Kroppen gløymte alt om puls og mjølkesyre. Ekstase. Langfjella altså. Sykkylven ALTSÅ! 

Utforkøyringa er jo eit kapittel for seg, men..
1. Eg kom meg ned med skia på heile vegen. Det er jo ei klar forbetring.
2. Eg var ikkje vettskremt. Også klar framgang.
3. Stil og tempo. Forbetringspotensiale.

TAKK til tålmodige fantastiske Trude som tek meg med inn i eventyrverda i Sykkylven!

På fjellinordvest.net finn du kart og fleire bilder frå Langfjella. 

tirsdag 24. januar 2012

Nordlysjakt

Det har vore mykje nordlys i det siste. Eg var heldig å få oppleve lysshowet heile vegen frå Askvoll til Ålesund på søndag. Men det vert liksom ikkje det same fra bil.

Trude var lett å be med på kveldstur, og vi sette kursen mot Sukkertoppen på nordlysjakt. Det var snø, og litt glatt. Nokre skyar, men mykje svart himmel. Ei og anna stjerne dukka opp etterkvart. Vi kom oss på toppen. Nordlys var det dårlegare med. No er det ganske mykje lys fra Ålesund og bygdene rundt. Ytre Sunnmøre "by night" var difor ikkje noko dårleg alternativ.


Fotografering og nedtur. Orions belte, Sjustjerna, Karlsvogna. Alle var der. Men ikkje noko nordlys. Vi takka og bukka og avslutta turen etter god skikk og bruk. Sette oss i kvar vår bil. Kjørte heimover. Kva trur du dukka opp i himmelsjå over Ålebyen? Nordlys. Vi hadde gjort eit hederleg forsøk på å få med oss naturfenomenet frå orkesterplass, men det vart nok ei nordlysoppleving i bil..

Dersom turar i mørkret vert ein vane så rykkar nytt fotoapparat oppover på ønskelista...

søndag 15. januar 2012

Søndagstur i skitrekk

Aktivitet avlar aktivitet. I rulletreningsrus var eg sjølvsagt lett å be, og klart eg ville vere med til Volda Skisenter på søndagstur! Morgonen etter derimot var det ikkje ein einaste bit av kroppen som ville stå opp eller aktiviserast. Har ein sagt A så kjem B, så det var berre å ta seg saman og sette kursen sørover i høljeregn.

Gjengen i bakken

I lag med kjekke folk så er det utruleg kor humøret kjem seg. Opphaldsver og fine forhold i bakken. Behageleg laust i snøen. Gode råd frå Trude sist helg sat i bakhovudet, og etter nokre turar i barnebakken lausna det litt på teknikken og. 

Det vart eit par turar i den store bakken og i ei alternativ løype fra toppen. Litt betre kontroll for kvar tur. Håpet om ein topptur eller to i løpet av sesongen var stigande. Er utruleg fornøgd med ski og støvlar. Det er skikkeleg artig når skia lystrar og eg held meg på føtene.

Utsikta mot Volda frå toppen.

Lurer litt på om eg nokon gong kjem til å ville gå frå botnen og opp på eit fjell på ski meir, etterkvart som eg får erfaring med at det tek 4 minutt i trekk å verte heist heilt opp på eit eller anna vis? Lettvint og greit liksom.... 
   
Artig-artig-artig

Stor stas å treffe Hege att etter mange år, og dei kjekke jentene hennar. Takk til Elin som drog meg med på tur!  

lørdag 14. januar 2012

Rulletrening

Ny laurdagskveld i bassenget. Utruleg kjekt, og aldeles undervurdert. Litt rulletrening vart det og. Nokre ruller, mange forsøk på ruller og svært god mengdetrening på cowboyentring.

Definerte utfordringar: Hugs alt på ein gong. Åra høyrer i denne samanhengen til på vassoverflata, så inga grunn til å drive på å dra ho ned på djupt vatn. Hovudet treng aldeles ikkje opp først. Ei arm strak, den andre bøygd. No gjeld det berre å få rett røyrsle på rett arm...

Treng både kvalitets- og mengdetrening framover, men har i alle fall beviseleg rulla ein polokajakk!


søndag 8. januar 2012

Pudder og taggerekker

Vi for i blåtimen. Til eit vinterland dekka med puddersnø. Der tinderekkene står i kø. Til Fjellsetra i Sykkylven, som er eit populært hytte, tur og skiområde. I dag skulle nemleg nyskia til pers. Og for ein dag!

På toppen av Sætrefjell (877 moh). No skal det vel seiast at vi tok skiheisen opp? Nyeskia tek seg godt ut mot Sunnmørsalpane. Viss dei oppfører seg fint skal dei nok få bli med på ein topptur eller to etter kvart.

Trude - den beste læremeister, guide og motivator!

Vakkert, vakkert og vakkert. Spissen heiter Høgenykjen (1118 moh)

Skia er godkjent. Trening må til. Kan vere kjekt å ha litt meir av både teknikk, mot og styrke i bakkane..