onsdag 16. mai 2018

Giske rundt med ÅST

9. mai ÅST har lagt inn felles spadleturar i programmet i år, og det er spennande å sjå kven og kor mange som har lyst å vere med. Fin gjeng denne kvelden med ca 15 på tur. Eg er framleis ikkje vant til å vere så mange på tur, men det er sosialt, kjekt og alt tek litt lenger tid når ein er fleire. Denne kvelden var det lysshow som berre Giske kan by på, og vi hadde eigentleg ikkje lyst til å gje oss då vi kom rundt. 

"Trendfargane" i padlemiljøet er tydeleg i spennet frå gult til raudt... 

Kort pep-talk før vi legg avgarde. 

Vi startar i havblikk og blått landskap


Glitterhav og Alnes fyr i horisonten

Bittelitt snirkling, men så tok lyset berre heilt av, og vi vart liggande å drive i gull og gyldne tonar meir enn å padle noko særleg. Det verka som alle syntes det var heilt greit. 


Alnesraunen i horisonten


Øystein fekk 5 minutt til bittelitt dronefotografering (Link til Kajakkguiden og filmen her)

Vi var og innom den kjente gruppeturøvelsen: "Dekk mest mogleg av havet". 

Kyrre lurte diskret inn litt sculling og rulling i Øygardshamna. 

Og når den eine har rulla så må jo den andre og...Så mange av karane vart våte i luggen.
Eg satt der med todelt i staden for tørrdrakt og pingla ut (...men NESTE gong...).  




Kven treng elg når det vert rulling i solnedgang?

Takk for laget og vel heim..

Kjempefin tur og berre store glis å sjå - ca 11,5 km padling. 
Det var mange andre ute på Giske denne kvelden og, så vi for forbi fleire solopadlarar, ein med surfski og eit par SUPerar og.


Inneklemt kveldstur

15. mai Kveldstur klemt innimellom mange gjeremål, og akkurat i tidsvindauget då skodda trakk seg tilbake. Mai-kveldane er lange og lyse og det er kjekt å komme seg ut og vere sosial att etter ein lang vinter. Med masse padlefolk i nærområdet så er det stort potensial for selskap på tur, men det er eit par ting eg må lære meg først som sist: Korleis utnytte sosiale media til ENKEL orging, og at i Giske kommune har kvar mann si hamn... Flott lys, triveleg selskap og nesten like mykje prating som padling var ei perfekt opplading til nok ei langhelg! 

Kjekt å bu i nærleiken av Ragnhild att! Spenna klar for kveldstur..

Lyset i havet var som vanleg lekkert 

Litt magi må nytast

Valderøya frå uvant vinkel

Blåtime før skodda seig innover att.

Turen vart ca 9 km 

mandag 14. mai 2018

Kortreist camping på Vigra

12. mai Når det er sommar på Sunnmøre, er det berre å hoppe. Det hjelp ikkje at kalenderen seier tidleg mai, sommaren er her og NO! Sygni og eg brukte å vere gode på miniekspedisjonar, og har lyst å ta opp att den tråden. Vi hadde sett oss ut ein fin plass nord på Vigra, og var seint ute med masse stæsj. Typisk urutinert. På veg bort oppdaga vi til vår store overrasking at det allereie var fleire telt der vi hadde blinka oss ut. Det var som svarte! Sola hadde starta kveldsshowet, og her var det berre å finne plan B fortare enn svint. Camping vart det, solnedgangen var fantastisk, og lyset utover natta var magisk! Det er kjekt å sitte å prate utover kvelden medan bållukta trenger seg inn over alt.



5 på solnedgang

Midnatt


Doggfall og rå luft gjennom natta, men full sol frå morgonen og ein liten bris. Eg sovna attpå og vakna med eit rykk då Sygni ropte at kaffien var klar. Kvalitetsvekking. 

Lang frukost på berga

Bekkeblom?

Vi rekognoserte etter fleire moglege teltplassar i området før vi for heim - og hit ut skal vi fleire gonger!

Kva er dette?

Store mengder stein - det må no verre noko meir enn ein levegg? 

Eit yrande liv i dammane

Kortreist kamping er knall, eit steinkast frå bilen er vi rett ute i flott natur og store opplevingar. 

Kalvøya og Valderøya rundt

12.mai Eg er padlemanisk for tida og i kombinasjon med full sommar på Sunnmøre er det berre å komme seg ut. Audun ville vere med, så då vart det sjølvsagt startpunkt Sjonghamna. Det var tendens til skodde då eg for heimanfrå, og eit litt ubestemmeleg verskifte. Først fekk eg omvisning i Frimannsbua, før vi bestemte oss for å fare austover og sjå kvar vi kom. 

Bortom og kikke på regattaen

Kjekt med andre båtar på fjorden

Brått gjekk startskotet og segla kom rett i mot oss, så det var berre å komme seg ut av vegen og avgarde. Herleg liten bris og medsjø i ryggen, og sola steika. Det var alt for varmt med tørrdrakt i grunn, men vi veit kor varmt det er i sjøen...

Audun hadde lånt ein Play for dagen. Syns dei kler kvarandre godt. 



Downtown Kalvøya
Perfekt kajakklanding i "sentrum"
Beinstrekk og drodling i solveggen. Veldig fint her ute. 

Note to self: Hengekøyeterreng på austsida og fin ilandstigningsplass på Kalven. 

Kalvøyholmen med treet. 

Eg har eit håp om å komme meg ut her på camping i sommar, og det er plass til masse telt/hengekøyer her. 

Kvite fjell, havblikk og sol - betre vert det ikkje!

Det var faktisk så varmt at det var godt å komme inn i skuggen under kaia.

Drivstoff til kajakkpadlarar er til dømes softis, og det har dei i Gjøsundet. 

Så blid vert eg av padlelaurdag, sol og is! Foto: Audun

Sjarmøretappa vest om Valderøya gjekk på eit blunk, og vi var særs nøgd med oss sjølv for å ha runda to øyer og bikka godt over 20 km! Padling er ein fin måte å verte kjent på. Det var så hyggeleg selskap at eg gløymde tida og nesten vart for sein for camping, og Audun gløymde (nesten) at han hadde vondt i ryggen. 

21,5 km

lørdag 12. mai 2018

Surfesøndag ved fyret på BØLGJA

6. mai Ein grå dag med optimale bølgjevarsel. Eg håpte å få oppleve bølga ved fyret slik Kenneth og Jason har snakka om ho - begge med stjerner i blikket. For tida er det tunellarbeid med kolonne og styr til Godøya, så det må timast og bereknast - og transporten tek si tid. Med litt press vart det ei rulla på kvar side allereie i moloen (takk!).  Det første vi såg då vi runda ut av moloen var ei lang brytande bølge i horisonten. JUHUUUUU!! Kenneth var gjestefotograf og har teke fleire av bilda.

Jason på dagens tredje største bølge - med skum til oppunder armholene

Jason på surf, eg på veg ut for å komme i posisjon til neste

Kenneth på fin surf

Ut att for å komme i posisjon. bra dønning. 

Venting mellom setta høyra med..



Jason i full fart innover på surf

Store ryggar veks opp og er surfbare. 

Juhuu! 

Vert det bratt nok..?

Snart i farta...

Kenneth på fin surf. 

Skikkeleg artig! Lange bølgjer, lange surfar, som endar opp i vatn. Denne dagen var det rimeleg greit også for meg å fange surfen. Eg loopa nesten ein gong og rulla sat som den skulle. Berre velstand. Fantastisk kjekk dag i kajakken! Så no er det eg som har stjerner i blikket!