tirsdag 24. april 2012

Rametinden (1198 moh)

Siste dag på jentetoppturhelga! Skodde, men med gode meldingar utover dagen. Utvasken av hytta gjekk som ein vind. Eg hadde bestemt meg for tur kvelden før, men mange var usikre. Kor kjem det til å lette? Når?

Eg (det vil seie SAS) flaug over Rametind tidlegare i veka, og slik såg den ut på tirsdag

Vi for til Barstadvika og opp mot Erdalen. Her starta vi med skia på ryggen. Vi viste at vi måtte bære skia opp til støylane, ca 300 høgdemeter. Det vi ikkje visste var at "Dagmar" hadde rasert halve skogen, og delar av stien. Manøvrering gjennom granskog med ski på sekken er ei øving i seg sjølv. Det blir ikkje lettare når trea ligg vannrett.

Stor glede med snø!

Det tok ikkje lang tid før vi gjekk inn i skodda. Kristin og Siri var kjente, og Åsa hadde GPS-kontroll, så det var inga grunn til bekymring. Men vi såg ikkje så mykje då. Vi gjekk no der, og prata om at det skulle lette. Eg var heilt sikker på at vi fekk sol på toppen. Innimellom såg vi blå gløtt og siluetten av sola. Det varma.

På veg opp siste ryggen opna det seg mot Jønshornet. Fantastisk fin utsikt. Fotopause på sekundet!

Men det skulle bli med ein smak. Verda gjekk i kvitt og vi brukte GPS'en for å finne varden. "HEI!" stod det i snøen der. Kjentfolk hadde vore oppe tidlegare om føremiddagen. Det var varmt og kvitt.

Vi venta i 10, 20, 30 minutt. Vervindauge let vente på seg. Slaget var tapt og vi måtte nedatt i skodda.

Under skodda var det flatt lys. Eg vart brått svimmel og kvalm. Eg ploga til eg var heilt sikker på at eg stod stille, men verden gjekk trill rundt. Karusellaktig rundt. Skikkeleg ekkelt. Eg fekk henge meg på Siri vidare nedover, og med fast blikk på skia hennar så gav det seg etter ei stund.

Åsa vart uroleg. Hunden gjekk med GPS sendar, og det ikkje bevegelse. Lenge. -Eg må berre gå å sjå etter han. Dette har aldri skjedd før, seier ho. Alvorleg stemning i gruppa. Vi hadde ingen hund å miste. Då to hadde fått på fellene på skia for å leite var det brått rørsle på displayet. Etter to minutt kom det ein glad firbeint i bakspora våre. DET var dagens høgdepunkt. Eg trur alle pusta letta ut.

Tung kram snø, flatt lys og lenger ned var snøen roten. Låra var fulle av mjølkesyre. Då vi var nesten nede såg vi verda i fargar att. Vi spekulerte i om vi hadde vore på den einaste toppen med skodde på i heile Møre og Romsdal. Rametinden var for anledninga døypt "Bomullstoppen".

Til trass for skodda så var det ein fin tur (blå strek på kartet) og bakkane var veldig bra. Lang tur men ikkje spesielt bratt nokon plass. Her har eg lyst oppatt, på ein dag med utsikt og kanskje litt betre føre.

Snipp snapp snute var jentetoppturhelga slutt. Eg har vorte ei erfaring eller to rikare, og takkar før følgjet!


1 kommentar:

  1. Kjempeflotte bilder Lene:)) hadde veldig lyst men håper jeg kommer sterkere neste år igjen:)

    Iallefall en super gjeng å være sammen med:)))

    SvarSlett