onsdag 8. august 2012

Håsteinen

Med mykje att av dagen vart det kveldstur til Håsteinen.

Håsteinen sett frå kajakk ved Alden

Håsteinen er eit av fleire "utvær" i Askvoll. Dei ligg eksponert og langt vest og det er sjeldan forhold for å padle dagsturar ut frå fastlandet.

Håsteinen sett frå toppen av Alden.

Vi hadde studert øygruppa frå Alden, og visste at det var ei langstrekt dobbel rekke med holmar og skjer. Med svak nordvestvestleg vind i mot padla vi utover. 

Håsteinsosen mot Alden og Værlandet. Har aldri sett dei frå nordvest før.

Eg var full av respekt og litt frykt då vi kryssa oss ut over Håsteinsosen. Forholda var fine, og meldingane likeså. Det var noko med å sjå dei kjende siluettane forsvinne bak oss på kvar side. Øyene i Flora med Kinn ytst på eine sida og klettane på Værlandet, Melværet og Bulandet på andre sida . Så langt ute i kajakk er ikkje kvardagskost. Dei holmane vi sikta mot var så små. Det var mykje horisont.

"Den sorte varde"

Håsteinen er sjøfuglreservat fram til 1. august. Det var framleis mykje fugl i været. Dei var villare og meir agressive enn innafor. Vi var ikkje særleg velkomne. Det første som møtte oss var ein kolsvart varde. Eg fekk frysningar på ryggen og assosiasjonar til heksebrenning og trolldom. Kjensla sto ikkje i stil med sol og sommar. Vi padla i sikksakk gjennom været. Grunne vindstille kanalar, brenning på nordsida og straum i dei største sunda. 

 Midt i Håsteinen

Håsteinen - nordaustover frå Hellersøyna

Har det budd folk her? Eg trudde det, men vi fann ikkje spor etter hus eller kai. Vi padla vestover på nordsida med lyden frå dønningane i øyra. Holmane var grøne og graskledde. Heilt til vi runda Skarveberga lengst vest. Den svarte veggen stod mot oss. Naturleg molo. Håsteinens svar på Berlinmuren. Eller berginga frå vinterstormane frå nordvest. Skremmande og vakker.

Skarveberga - vestsida

Sjølv i svartveggen klora det seg fast sommarblomster

Vi gjekk i land på ein av dei større holmane. Nødvendige ærend og mat før kryssinga. Vinden dreia mot aust og friskna til. Vi hadde det travelt med å komme oss over, men ville og ha mat i magen. Håsteinen var vakker og nifs. Ein utruleg fasinerande plass. 

Selkoloni (venstre)

Eg såg dei ikkje når eg tok bildet, men eit sekund etterpå kasta 5-6 selar seg i vatnet. Dei var nyfikne, og kom for å sjå på oss.

Vi padla rett heim til teltet og lagunen. Motvind, bølgjer og dønning i alle retningar. Artig padling med mykje bevegelse i sjøen. Det var god balansetrening, og vinden heldt seg heldigvis stabilt på bris.

Rica Alden

Det var fleire gjestar i laguna, men vi deler jo gjerne på slike kveldar. Sjølv med folk som har dieselmotoren på.. (og det er til pass for dei når brannvarslaren går..) Fine folk et seint, og vi vert finare og finare på det. På nordaust vert det for stille i laguna. Knotten terroriserte oss. Sjølv om eg var noko tvilande til prosjektet, så vart det bål. Det gjorde susen.

Nina - fyrmeister

Bålkos!

Så gjekk no kvelden. Det er utruleg mykje underhaldning i eit godt bål når flotte opplevingar skal fordøyast.
Vi fekk brent opp litt plastsøppel frå havet. Smågutane i båtane møtte oss til frukost med store auge og meinte vi hadde laga eit veldig stort bål. Dei var og imponert over at vi fekk pakka ned alt utstyret i kajakkane.

Kart over heile turen - totalt ca 48 km


Med god hjelp frå heimesideskrivaren i Bulandet fann eg ut meir om Håsteinen etter at vi kom heim.  Det har budd folk her i lange periodar.

I 1723 låg Håsteinen under Alden, og det var notert at det kunne "fødast 4 bester både vinter og sommar" der. I 1731 er det nemd noko om laksenot. I 1750 fekk eigaren fredlyst Håsteinen slik at ingen fekk plukke egg eller dun der, ei heller skyte fugl og kobbe. Det har stått hus i Gabrieløyna og Erknøya, og kanskje på fleire av holmane. Stadnamn som Husøy og Andersøy tyder på det.

Huset på Erknøya skulle vere ei gamal skjenkestove frå Kinn, og der var det mykje som hang att i veggane. Mord og spøkelseshistorier. Kanskje det var det vi kjende gufset av der ute?

Dei siste som budde på Håsteinen budde der frå ca 1900-1920.

Meir info om Håsteinen på heimesida til Bulandet og Værlandet i ein gammal artikkel frå Firdaposten (1978):

Så det betyr at vi må ut att og leite meir etter hustufter frå gamle dagar.

2 kommentarer:

  1. Ååå so spennande!!fekk ein liten grøss berre med å lese og sjå på bilda.Ein skummelfin plass Håsteinen.Der har eg lyst å ta ein tur,men tviler på det vert i kajakk....

    SvarSlett