lørdag 3. november 2012

Sesongpremiere på ski 2012!

Etter rutinesjekk på yr.no vart kursen sett mot Stordal. Målet var Overøyestolen. Sesongpremiere på ski for min del, med spenning i kroppen og skrekkblanda fryd i hovudet.

Første glimt av Overøyestolen. Det ser jo berre lekkert ut!
 
Trude mintes ei dårleg opppleving i bjørkeskogen her, og eg likar heller ikkje kratt. Så vi starta med å gå opp skitrekket, i trygg forvissing om at vi kunne gå over der oppe ein plass.
 
Utsikta frå toppen av trekket (Bilde 2)
 
Det er noko sjølvmotsigande og surrealistisk med å labbe opp eit skitrekk. "Varmt" og sol. Det var kjempeflott her inne med store dalar og majestetiske fjell. Eg vart retningsvill og kjente ikkje att nokon toppar. Stordalen har vore litt nedprioritert fordi eg har trudd at det har vore litt kjedeleg her. Så feil kan ein altså ta.
 
Auskjeret a la Stordal. Hit skulle vi ikkje i dag, men fin topp.
 
Overøyestolen - neste gong vi såg toppen. 
 
Vi var framleis veldig nøgde med turen. Fjellet låg der framme og det var ingen teikn på at vi ikkje skulle nå det. Den ryggen vi kryssa endar i toppen "Kollen" og derifrå går det ein egg til Overøyestolen (venstre på bildet). Vi ville ikkje gå eggen, like lite som bjørkeskogen. Det viste seg at når vi kom frampå her så var vi på ein måte både for høgt og for lågt. Brått var vi i ei lite triveleg bratt storurside med heilt anna snøkvalitet. Då det lausna eit flak så vart det kriseråd og plan B. Vi snudde og gjekk våre eigne spor tilbake. Kollen (1220 moh) vart målet.
 
Utsikt frå Kollen - nye fjell og dalar!  (Bilde 5)
 
Vindskulptur på toppen av Kollen (Bilde 6)
 
Det var ikkje noko dårleg plan B. Flott utsikt og null risiko. Slikt likar vi.
 
Taramtitei! Årets første skitopp på oss!
(Trude har sjølvsagt tjuvstarta litt før då)
 
Eggen over til Overøystolen.
 
Vi fekk no ein god kikk på eggen som vi ikkje ville gå, og var faktisk heilt sikre på at vi ikkje skulle gå den i dag (eller på ski i det heile). Til sommaren med fjellsko derimot...
 
Vi var framleis veldig nøgd med turen.
 
Så skulle vi ned. Føret var bedre enn frykta. Snøen var pakka, men ganske jamnt pakka på toppen og mjukare nedover, men ikkje for blaut. Problemet er vel heller skiteknikken. Då helst mangelen på. Det har ikkje skjedd under sidan i vår, og eg tykkjer framleis nedover på ski er veldig skummelt. Eg tør berre ikkje stole på og stå på skia. Trude er veldig tolmodig og fortener ei medalje for å vere konstruktiv. Trude er forresten kanonflink på ski, så her er det berre eigne ferdigheiter som er noko under pari.
 
Vi har blitt veldig godt kjent i desse bakkane i dag, så no veit vi veldig mykje meir om ruteval og terreng. Det vert fleire turar til Stordal. Viss nokon veit namn på toppane på bilde 2, 5 og 6 vert eg glad om de legg inn kommentar! (Eg skal sjekke det opp sjølv og på sikt)
 
Overøyestolen står framleis på lista. I morgon, i morgon, men ikkje i dag.

4 kommentarer:

  1. No var jeg rett misunnelig:) Gleder meg til jeg også får ta løst på en topptur:) Nydelige omgivelser, farger og bilder:)

    Enda en flott turdag i minneboka di Lene:))) Herlig:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at vi får "dobbelt" så mange turar med å følgje med kvarandre sine! :)

      Slett
  2. Ski ja. Du om det. Jeg venter en stund til. Det er for tidlig å innrømme vinter her. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. På Sunnmøre er det i grunn berre august og september som er rekna for å vere periodar med dårleg skiføre, så kven snakkar om vinter? ;)

      Slett