mandag 29. april 2013

Explore Giske

Dei som eig lageret der eg har kajakken min har skifta nøkkel. Det er vel og bra at sikkerheita er godt ivareteken. Nett no er kajakken så sikkert innelåst at eg ikkje eingong får han ut sjølv. Difor vart det kveldstur på stranda for å SJÅ på padling fredag 26.04 og fjelltur på Godøya laurdag 27.04. Veldig flott, og ikkje noko dårleg plan B.

Tjeld på stranda i lag med meg

Blimsanden. Ingen padlarar å sjå, men masse vårlyd frå måse, spove og tjeld. Bruset frå sjøen. Sol. God kjensle breier seg i skrotten.

Ut mot Erkna fyr

Storholmen fyr

Her kan ein draume seg vekk - eller ut til eit fyr. Lyset skiftar frå minutt til minutt. Det er langt til Storholmen. 10 km i ope hav. Med full zoom ser det ut til at ein kan holmehoppe seg ut, men det er berre bildebedrag. Ein dag.. den rette dagen....

Eg får etterkvart auge på nokre små svarte prikkar og glimt av åreblad. Padlarane har vore der ute heile tida, men er ikkje gode å sjå, før dei leikar seg ved inste brotta.

Ein padlar kjem i land

Laurdagen fer eg åleine til Godøya. Allereie på parkeringsplassen dukkar det opp to bilar med venner og kollegaer. Felles favorittfjell og døgnrytme denne dagen . Her vert det både tur og sosialt.

Trude og August på veg oppover mot Storhornet

Utsikta frå Storhornet innover mot Ålesund.

Mykje folk kosa seg i lesida av toppen. Iskald vind, men sola steika og det var god stemning. Fantastisk utsikt.

Sjong. Neset midt på bildet. Min nye heimplass.

Alnes og meg.

Eg gjekk over Storhornet og ned mot Alnesvatnet på nordsida. Forbi Johan Skytt-steinen. Det vert ikkje balansekunstar i dag. Alnes er berre kjempekult der det ligg som ein oase i havet.

Vandrarar på ryggen i skodda

Skyer og byger kom og gjekk. Dramatiske skifte i lys og fargar.

Mot øya Giske. Bak t.v Vigra, og nordøyane, bak t.h Valderøya og Gamlemsveten

Eg labba over myra til hytta (JFF) og gjekk stien vidare til Lesten. Det er fint å gå på kanten på vestsida. Stupbratt ned, men lett å gå.

Frå Lesten mot Grasøyane fyr og Runde fyr. 

Storhornet og Alnesvatnet frå returen frå Lesten

No hadde eg snart fullført runden. Frå Lesten og austover gjekk stien på kanten, og siste del var på ein fin liten egg. Godøya sitt svar på Besseggen. Skikkeleg fin sti.

Kvitveisen!

I bakkane i skogen stod kvitveisen klår og rein. No er det vår! Kjekt med nye stiar. Giske vert ein fin heimebane framover! Godøya har mykje på by på, og turane kan varierast frå mange kantar og med mange ulike rundtturar.

tirsdag 16. april 2013

Appelsinhaugen eller Kolåstinden (1452 moh)?

Jentetoppturhelga 2013 i gang. Laurdag 13.april kunne deltakarane velje mellom to turar: Kolåstind og Sylvkallen. - Du skal ikkje på Sylvkallen! seier Kristin. (Og det har ho nok veldig rett i, så eg protesterar ikkje litt eingong) Då vert det tur mot Kolåstind ein gong til.

No har no eg vore der før, faktisk i går, så eg stressa ikkje så mykje med toppen. Eg heng no med til Appelsinhaugen, tenkte eg. "Marerittet" på veg ned i går sat framleis i minnet. Med ein stiv og støl og oppbrukt kropp så er det no ikkje så mykje å kave med.

 Ut på tur frå Standalhytta.

Nydeleg dag. Varmt frå start i i berre trøyene. Sjekk av skredsøkarane på veg ut av tunet. PIP, BLIIIP, PIP. Alt i orden her.

Anne-Marthe i Christer-løypa

I dag tok vi ei anna løype enn inn gjennom Porten. Om Bjønnanakken (?). Vi lærte om terrengfeller i går nemleg, og ingen protesterte på nokre ekstra høgde- og lengdemeter.

Fenna og Anne-Marthe - berre gla' jenter på tur!

Gjengen slit seg opp dei siste metrane til Appelsinhaugen. Minst like fint i dag!

Linda på Appelsinhaugen

Sola steikte, og haugen var full av folk. Vi hadde appelsinfotosession, facebookfotosession, fekk i oss litt frå matpakka og jobba med fregnene. Det er hardt med pause.

Endorfiner! Snø! Sol! Herleg!

Forma var uforskamma bra, og eg hadde ikkje kjent snerten av ei einaste lita krampe heile dagen. Det var liksom ikkje heilt råd å gje seg her? Eg fortrengte alle tankar om at "den som klyv opp må også komme seg ned att", og vart med vidare.

Opp mot Stretet (framleis ein drittplass..)

Det var faktisk veldig greit å gå turen for andre gong. No viste eg akkurat kor bratt det var, når eg skulle ha på hælløftarane og kvar dei fantastiske utsiktene openberra seg. Eg brukte mindre energi og kosa meg endå meir på turen i dag.

Anne-Marthe gjennom Stretet

På veg opp på platået. Foto: Anne-Christel 

Kolåstind. Foto: Anne-Christel
Populær koloss med aprilsignaturane på plass.
Sjarmørar på sjarmøretappa. Nordre Sætretind bak?

I dag gjekk vi heilt oppunder pinaklane. Kjempekule!

Anne-Christel var den tøffaste av alle, og erobra pinaklane på skikkeleg vis

Storkosar meg på tur!

Jentene og Gunnar målretta mot toppen!

Erobrarane

Sidan eg var på toppen i går, så tok eg det med knusande ro (og sparte låra til nedoverturen). Det var utruleg flott å sitte lenge like under toppen og suge inn inntrykk og utsikt. For ei herleg verd vi har her!

Mot Sylvkallen der den andre gruppa kosa seg i sola.
Hjørundfjorden. Slogen bak litt til høgre.
Mot Klovetind, Sula og Godøya

Rønnaug var ein suveren turleiar, og fann ei linje ned med mykje urørt snø. Det var fint føre på toppen og litt meir rufsete nedover. Eg kan framleis ikkje stå på ski, men det gjekk mykje betre enn dagen før. Låra vart normalt slitne, ingen kramper og slikt tull. Dagen starta med eit stort glis og klår melding frå Anne-Marthe: -Ej skal stå attme dej ej! Og det gjorde ho. Skikkeleg. 100%. Ikkje noko tull med den jenta nei. Over Bjønnanakken ned att og. Det var deileg å ta på fellene og gå litt oppover att. Siste nedkøyringa var og fin, men då var det HEILT slutt på kreftene. Kolåstinden to dagar på rad fungerar strålande. Eg var veldig nøgd med dagen.    
  
Nede ved hytta lukta det... ? Kunne det  vere...? Er det ikkje....
VAFFEL!

Drøs, lueproduksjon og oppsummering av turane i hytteveggen med EVAs perfekte vaflar... 

Jentetoppturhelg er veldig bra! Takk for flott tur og veldig kjekk helg alle saman! 

Kart over ruta dag 1 (gjennom Porten) og dag 2 (Christer-ruta)
Dag 2 ca 500 meter lenger i luftlinje, og ca 200 høgdemeter ekstra på veg opp.

mandag 15. april 2013

Kolåstind (1432 moh)

12. april. Bonusferiedag, full klaff med veret og ivrige skijenter som dreg meg med på tur.

Skiturist på Standalhytta

Størstedelen av hytta høyrer til Aalesund skiklubb, og ein liten del fungerar som ubetjent DNT-hytte.  

Ut på tur. Porten til Kvanndalen

Første glimt av Kolåstind og "brefallet"

Fornøgd Åshild på tur. Lunsj i sola ved Appelsinhaugen.

Ut Kvanndalen frå Appelsinhaugen. Flott ja!

Eg hadde småkramper i lår og leggar etter dagen før på veg opp mot Appelsinhaugen. Men sidan eg ikkje var direkte sliten til lunsj så vart eg med vidare..

Stø kurs mot Stretet

Stretet var ein drittplass. I dag var det veldig fint føre og godt spor, så det gjekk no greit.

Oppe på platået på toppen av breen. Fantastisk fine pinaklar.

Platået bort mot sjølvaste toppen. Det hadde merkeleg nok vore folk her før oss..?

Toppen! I alle fall så langt ein kjem på ski..

Eg vart med på klyvinga opp mot absolutt toppen. Det var bratt klyving, men ikkje så ekkelt, og eg fekk godt feste i snøen. Men når eg brått kikka over kanten og det var INGENTING der, då slo høgdesjuka inn for fullt. Så dei siste to stega for å balansere heilt øverst droppa eg glatt. Beina har i alle fall vore på 1431 moh, og det er meir enn godkjent.  

Åshild og Siri på TOPPEN!

Kristin har energi til hoppings!

Ruta vi gjekk frå hytta til toppen var ca 5 km lang (utan bauting) i luftlinje, og med omlag 1050 høgdemeter. Vi starta ca 10.20 og eg var på toppen ca 13.30, (heilt på toppen ca 13.50)

Nedturen var eit mareritt. Eg hadde mjølkesyre i låra FØR eg hadde begynt og diverse interessante kramper som kom og gjekk. Føret var fantastisk på toppen. Deretter litt slushete. Eg kom no ned. Kristin fekk øve seg i tolmod. Helsigvis har vi begge to relativt godt humør, noko som truleg berga resten av dagen. Til deg tilfeldig forbipasserande Glenn: Tusen takk for skitips og moralsk støtte både opp og ned! :) 

Om ettermiddagen på hytta var eg berre rett og slett litt høg på turen, terrenget og livet generelt. No kom jentene som skulle på toppturhelg ein etter ein, utkvilte og blide. Fyr på peisen, middag i magen, snop og kaffi. Vi benka oss oss for foredrag. Christer Lundberg Nes fortalde enkelt og engasjerande om skred og skredfare, og godt skivett i fjellet.  Han står bak boka skikompis, og kvelden resulterte i mykje ny kunnskap og signert bok for mitt vedkommande.

søndag 14. april 2013

Bursdagsfeiring på Skårasalen (1542 moh)

Av og til klaffar alt. Den 38. bursdagen min var ein slik dag. På avdelingssamlinga vår på Sæbø starta kollegaene dagen med "Hurra for deg". Det var sol, vindstille og vi slutta 13.00. Frå strategi til ski på eit blunk og 4 av oss la i veg mot Skårasalen.

Kvistaddalen

Litt traktorveg og transport i starten, men når ein nærmar seg sætra vert det flotte fjell og turkjensla er på topp.

Fjellfoten. Kvistadkjerringane oppe bak.

 Frå sætra er det ca 1000 høgdemeter opp, og tvillingvardane ser veldig veldig små ut herifra.  

Siste kneika!

Det var skikkeleg varmt i bakkane. Mot toppen vart det ein liten trekk, så eg måtte på med jakka.
Det er tunge bakkar, så det er berre å finne sitt eige tempo og male på jamnt og trutt. Det hadde vore ein god del folk her før oss, så akkurat urørt kan ein vel ikkje seie at det var.

Akkurat 38 - og veldig fornøgd med å vere på Skårasalen!

Teambilde på toppen

Kjekt å ha spreke og tolmodige kollegaer.

Første del av nedkøyringa byr på fantastisk utsikt over Sunnmørsalpane avd. Ørsta

Pudderaktig og kanonføre på toppen. Tynn frosa skorpe øverst på snølaget lenger nede, litt ekkelt og veldig mykje tyngre. Fint føre i skogen og "berre" transport på halvfrosne spor på traktorvegen. Kristin fekk seg ein god latter når eg gjekk overende med krampe i begge leggane når eg endeleg kom meg ned på vegen.

Herleg, men tung tur i godt selskap!

Skårasalen sett frå Kolåstind eit par dagar seinare..

Kart: Skårasalen

Start Kvistad: 130 moh. Totalt 1410 høgdemeter kvar veg.
Lengde: 7,5 km frå parkering Kvistad til toppen av Skårasalen.
Start klokka 13.40 - toppen klokka 17.30.