mandag 29. april 2013

Explore Giske

Dei som eig lageret der eg har kajakken min har skifta nøkkel. Det er vel og bra at sikkerheita er godt ivareteken. Nett no er kajakken så sikkert innelåst at eg ikkje eingong får han ut sjølv. Difor vart det kveldstur på stranda for å SJÅ på padling fredag 26.04 og fjelltur på Godøya laurdag 27.04. Veldig flott, og ikkje noko dårleg plan B.

Tjeld på stranda i lag med meg

Blimsanden. Ingen padlarar å sjå, men masse vårlyd frå måse, spove og tjeld. Bruset frå sjøen. Sol. God kjensle breier seg i skrotten.

Ut mot Erkna fyr

Storholmen fyr

Her kan ein draume seg vekk - eller ut til eit fyr. Lyset skiftar frå minutt til minutt. Det er langt til Storholmen. 10 km i ope hav. Med full zoom ser det ut til at ein kan holmehoppe seg ut, men det er berre bildebedrag. Ein dag.. den rette dagen....

Eg får etterkvart auge på nokre små svarte prikkar og glimt av åreblad. Padlarane har vore der ute heile tida, men er ikkje gode å sjå, før dei leikar seg ved inste brotta.

Ein padlar kjem i land

Laurdagen fer eg åleine til Godøya. Allereie på parkeringsplassen dukkar det opp to bilar med venner og kollegaer. Felles favorittfjell og døgnrytme denne dagen . Her vert det både tur og sosialt.

Trude og August på veg oppover mot Storhornet

Utsikta frå Storhornet innover mot Ålesund.

Mykje folk kosa seg i lesida av toppen. Iskald vind, men sola steika og det var god stemning. Fantastisk utsikt.

Sjong. Neset midt på bildet. Min nye heimplass.

Alnes og meg.

Eg gjekk over Storhornet og ned mot Alnesvatnet på nordsida. Forbi Johan Skytt-steinen. Det vert ikkje balansekunstar i dag. Alnes er berre kjempekult der det ligg som ein oase i havet.

Vandrarar på ryggen i skodda

Skyer og byger kom og gjekk. Dramatiske skifte i lys og fargar.

Mot øya Giske. Bak t.v Vigra, og nordøyane, bak t.h Valderøya og Gamlemsveten

Eg labba over myra til hytta (JFF) og gjekk stien vidare til Lesten. Det er fint å gå på kanten på vestsida. Stupbratt ned, men lett å gå.

Frå Lesten mot Grasøyane fyr og Runde fyr. 

Storhornet og Alnesvatnet frå returen frå Lesten

No hadde eg snart fullført runden. Frå Lesten og austover gjekk stien på kanten, og siste del var på ein fin liten egg. Godøya sitt svar på Besseggen. Skikkeleg fin sti.

Kvitveisen!

I bakkane i skogen stod kvitveisen klår og rein. No er det vår! Kjekt med nye stiar. Giske vert ein fin heimebane framover! Godøya har mykje på by på, og turane kan varierast frå mange kantar og med mange ulike rundtturar.

1 kommentar:

  1. Åh, så frustrerende! Ikke få tak i kajakken sin! Bra jeg har mine forskjellig sted skjønner jeg. :) Så har jeg minst en tilgjengelig uansett, he he. :)

    SvarSlett