tirsdag 2. april 2013

Grasøyane fyr

26. mars la Mildrid, Sygni og eg ut frå Flø med stø kurs mot Grasøyane fyr.
Eller eigentleg stø kurs mot selkolonien sør om Grasøyane. Alt her ute er freda i ein eller anna fasong (sjå kartet nederst). Denne dagen var den einaste vi hadde "fri" på fellesen til å padle ut før ilandstigningsforbodet 15. april.
 

Påskepadling på Rundafjorden. Godøya med Storhornet bak. 

Med stø kurs mot Grasøyane fyr

Men først: selkolonien:

Svarte hovud i vatnet tyder på at gjengen er heime. Rundebrua og Nerlandsøya bak (trur eg).

Havert (gråsel) til tørk. Det ser rett deileg ut.

Vi var rolege, og selane var mest av alt nyfikne. Dei rulla seg ut i sjøen og sjekka oss ut.

Den mest nyfikne snuste på kajakken min og sirkla rundt og under meg. Utruleg kjekt!

Det BESTE selbildet eg har teke. Her treng ein ikkje lupe og god fantasi for å sjå selen..

Godt oppglødd av selane og naturopplevinga var vi langt på overtid når det gjaldt lunsj. I staden for å trøkke i oss nokre godbitar frå dagsluka, så sette vi kursen mot fyret. På yttersida. I rotesjø. Det hadde vore mykje trivelegare om eg hadde ete ein sjokolade først. Eg hadde rett og slett så mykje fokus på at vi skulle ete på fyret, at eg gløymte å vere lur. Notert bak øyret til neste gong.
  
Grasøyane fyr sett frå selkolonien

Skarveberget - toppskarv

Rotesjø på yttersida. Artig, men krevjande.

Vi gjekk i land ved kaia på nordaustsida. Reine Syden. Grasøyane fyr er freda både etter naturvernlova og kulturminnelova.

Eg håpar vi tek betre vare på fuglane enn på fuglefredningsskilta, men har mine tvil..

Frå Grasøyane og austover inn Breisundet. Ålesund og Sukkertoppen i midten. Godøya til venstre, Sula med snø til høgre. 

Godstemning på fyrstasjonen. ENDELEG lunsj!

Det er rart med fyr. Dei ser ut som eventyrkulisser på langt hald. Det ser ut som det er heilt umogeleg å komme seg dit. Dei lokkar og dreg. -Kom då, prøv då vel.. Når eg faktisk står ved fyret så kjenner eg meg heime. Det er jo dette som er midtpunktet i verda. Det er alt det andre som er avsides. Det er så naturleg og sjølvsagt at eg er her nett no. Fyra er så handfaste og trauste når du står ved dei. Då er det dei andre fyra i horisonten som framleis er i eventyret.    

Vi kosa oss i livd frå fyrbygget med utsikt til solcellepanela (baksida i alle fall). Sygni leika barista med økologisk turkaffi, og freista oss med påskegodteri. Vi var ikkje vrang på det.

"Padlecatwalk" på Grasøyane

Ein Romany i sitt rette element.

Padling i solgliren kunne vore slutten på ein veldig bra padledag. Men vi er tøffare enn som så. Sygni taua litt. Eg prøvde å rulle i bølgjene, noko som resulterte i at Mildrid fekk øve på kameratredning. Attende i moloen vart det rulling med glans på alle mann. ISKALDT! Marsrulla er notert og i boks!

Marsrulle på Flø 

Kart Flø - Grasøyane. Alle grønne strek er ulike fredningsområde..  
Turen var totalt på ca 15 km

Beste sel-opplevinga eg har vore med på, nytt fyr på merittlista, og for ikkje å snakke om trivelege folk og vere på tur med!   

3 kommentarer:

  1. Utrolig flott bilde av selen da! Og ikke fikk jeg med meg at det var toppskarv - tenkte mest på mat tror jeg akkurat da...Gilde bilder- gilde tur!

    SvarSlett
  2. Knall bilete av selen! Heilt utruleg at dei kom så nær. Elles såg det ut som ein fin tur ja!

    SvarSlett
  3. Følte nesten jeg snek meg med på tur! Knallbilder Lene...både av padlecatwalkene og selen:))) søte alle sammen:)))

    SvarSlett