tirsdag 25. juni 2013

Liafjellet på langs med "gruvekrydder"

Liafjellet (528 moh) sett frå vest

No har vi starta på prosjektet "utforsk Ørskog". Her er det nye turmål og kodar. Ørskog betyr litt lang køyring, og har vi spekulert på korleis vi skal slå fleire floger i ein smekk.

Sjøholt

Kvelden starta med stø kurs mot Lid-gruvene. Krattskogen dekker lia ovanfor Sjøholt, og ikkje visste eg at det hadde vore gruvedrift her. Ørskog historielag har gjort ein kjempejobb med å rydde stien. Bratt, sleipt og veldig godt med tjukke tau å halde seg i.   

Eit av gruvehola

Beate kjem frå Mo og har referansar frå jernverket der. Så ho var kanskje ikkje veldig imponert over storleiken. Men med tanke på at arbeidet vart gjort frå 1872-1878 med handemakt og krut står det respekt av slitet. Malmen inneheld jarn (ca 50%) og titan (ca 12%). Titanen gjorde at malmen var tung å smelte, og aktivitetet datt med konsjunkturane. Ørskog historielag har meir informasjon.

Postkassa med turboka strategisk plassert i opninga

Artig å sjå gruvene. Utan trimpost kan eg garantere at eg aldri hadde sjekka ut Lid-gruvene. Vel verdt å streve seg opp bakkane og SÅÅÅ langt var det no ikkje. 

Lia stod i sommarskrud og under krattskogen kjempa storstaudene om plassen. Litt tidleg for turten, men Skogstorkenebben var på topp.

Utsikt mot Ørskogfjellet (som er eit område/fjellovergang, ikkje eit bestemt fjell). Frå stien til Liafjellet

Vi begynte å komme i siget. Fin sti. Skogens ro var prega av innskyting til hjortejakta i starten, men dyktige jegerar vil vi jo ha. Kan ikkje klage på det. Flott terreng. Beate gjorde eit vellukka forsøk på å sprenge meg oppover bakkane.  

Skrubbe

No gjekk vi i lyngmark. Oppe på kanten. Utsikt til alle kantar. Lett og flatt innover fjellet. Med relativt liten innsats vert opplevingane i dette landskapet store!

Innover Storfjorden. Dyrkorn på venstre side, Skotet på kanten på høgre sida.

Fjordkysten! Mot Ålebyen og Ellingsøyfjorden med alle øyene.

Over fjellet og ned i ein herleg kystfuruskog. Delar av dette området er naturreservat. Tørr skogsbotn, knudretoller, god sti, bærlyng og "bomull" som vaia. Variasjonen på denne (korte) turen var heilt enorm!

Kleivane.
Gammalt mot nytt. Vakkert kulturlandskap, som no er grunnlag for ei cruisenæring i vekst.

3 kodar i boks - og ein veldig kjekk kveld i Ørskog. Ekstrapoeng til Ørskog historielag!

1 kommentar:

  1. Satt og kikka på Liafjellet igår og satte den på lista over tur mor og lillemann kan gjere aleine en dag ;) visste ikkje om gruvene, så der lærte eg noke nytt! Alltid kjekt å lese om andre sine turer og få info og innspel til nye plasser :))

    SvarSlett