tirsdag 9. juli 2013

Turist i Tromsø

3. juli. Etter 160 mil i bil var det godt med ein beinstrekk i Tromsø. Vi hadde eit par timar til gode før oppmøte på Sommarøya, og kva gjer ein då? Nina og eg hadde sett oss ut fjellheisen og utsikta frå Fjellstua. Vi hadde sjølvsagt alarmert kjentfolk om ankomsten. Geir var einig med oss i at Fjellstua var eit bra utsiktspunkt, men meinte vi måtte gå opp.

Så då gjekk gondolen i veret utan oss...

Søtaste turstimerkinga!

Tromsø har ca 20 turar i "Ti på topp"-fjelltrimmen sin.

Flott sti og snart var vi oppe i lia med fin utsikt.

Nina og Geir - Tromsø

Flotte fjell på Kvaløya bak byen. Bak der igjen...Sommarøya!
 
JUMP! Turistmodus og ferie - no er hoppesesonge i gong att!

Ein litt kjedeleg hump inne i dalen. Ops! Det er visst denne Tromsdalstind som alle snakkar om. Jadda, vi har sett den frå baksida, men frå denne vinkelen er vi ikkje imponert. Må nok få den med oss ein gong, men ikkje i dag.

Det gjorde vannvittig godt med ein tur etter dagar i bil. Turen vart sjølvsagt toppa med vaflar på Fjellstua (421 moh) og jogging rett ned til bilen (50 moh).

Så ein god kikk på Ishavskatedralen før vi susar vidare.
Oppdrag Tromsø vel utført i denne omgangen!

4 kommentarer:

  1. Nord Lene! :-D for en fantastisk plass å feriere!! Gleder meg til å lese kommende blogger ifra deg, eg har alltid drømt om å dra nordover, og no er du der ;)) Jippi!!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Jeg venter spent på neste episode! Imponerende å gidde å gå opp når det er fin heis med utsikt der. :)

    SvarSlett
  4. Herlig:) Nå gleder jeg meg vilt til 3 uker i nordnorge enda mer:))) May the light be with us:))

    Ha en herlig sommer:)

    SvarSlett