mandag 5. august 2013

Magiske Alnes

Padling kan vere så mangt. Når forholda er rette, er Alnes kanskje den optimale leikegrinda. Kort veg, så passeleg for ei kveldsøkt. Utfordrande, slik at draumar om fart, spenning og bratt lærekurve vert oppfylt. Området og plassen i seg sjølv er fantastisk fint, og gjev ei ramme til padlinga som er nær perfekt.

Alnes fyr

Kenneth på veg ut i nær perfekte forhold

Vi deler på stranda som best vi kan - surfarar på sørsida, kajakkar nordom midten.

Dei ligg no der og duppar, men er det så gøy som med kajakk? Eg tvilar. 

Edd i farta

1. august. Perfekte forhold. Jobba med timing og fekk justert meg slik at eg traff bølgjene bedre. Jobba med styretak og vart veldig mykje bedre på det i løpet av kvelden. Kun ei ufrivillig bading denne gongen. Og då er det kjekt at Surfe-Linda står på stranda med eit stort glis og tek i mot kajakken min, når eg vert skylt i land lettare desorientert, hostande og harkande...  

Testa Jason si 205 Shuna åre. Skal heilt klart ha meg ei kortare åre. Den eg har på 215 er for lang. All teknikk vert lettare med kortare åre. Erfaringa var at denne åra krevde noko høgare åreføring enn eg har lagt meg til, men det er ei vanesak. 

Må ha fastmontert kamera/gopro for å ta bilde i slike forhold, eller helst fotograf på land. Hadde vore artig å hatt litt av surfinga på film, for å sjå kva ein eigentleg gjer og ikkje gjer i gjerningsøyeblikket.  

I etterkant: Mørbanka i kroppen i dagesvis etterpå. Mykje småmusklar her og der som brått kjem i bruk på slike økter.   

Følgjer med på forholda her:
Det stemmer ganske så bra.

1 kommentar:

  1. Morsom padletur :) prøve og feile, leike seg i bølgene. Men kamera på land? Sikker på at du vil sjå deg sjøl i etterkant? ;) surferane hadde det sikkert morsomt med å sjå på dokke også, kanskje dei kunne tenkt seg å bytte litt?

    SvarSlett