mandag 3. februar 2014

På glattisen på Harryvatnet

Søndag 2. februar. Skarsethelg med skeiser i bagasjerommet. Sjølv om det har vore plussgrader ei stund mistenkte eg Harryvatnet for å vere frose. Kanonveret som var meldt søndagen let vente på seg, gradestokken for til himmels og sterke vindkast prega formiddagen. - Vi må ha med kaffi, seier pappa bestemt, sjølv om vi andre tvilar på om det er råd å sitte så lenge nokon plass.

På veg utover i myra flyg det opp ei ørn. Og ei til. Brått er lufta full av store ørnevenger. Dei snirklar rundt oss og siglar innover mot fjella. Kva har dei gjort ved vatnet? Kvifor er det så mange? Det var i alle fall 8 stk.

Ørn. Havørn tippar eg. 

Fleire majestestetiske ørner - dvs dei prikkane som du trur er rusk er på skjermen. 

Vi var oppglødde og tykte det var ein fantastisk tur allereie. Sjølv om vi ser ørn jamnt er det stas å få dei nær og mange. Vi saumfor terrenget etter åtsel, men fann ikkje noko. Kvifor var dei akkurat her? Var det vatn dei leita etter?

Vi runda dei siste myrhaugane og såg utover Harryvatnet.

Bislett!! FOR EIN IS!! Gledeshyl og hurrarop. 



På med skeisene. Kjempeglatt is utan ruklar. Perfekt vatna av fønvinden. Knallhard is under. 
Karianne sjekka kor tjukk isen var. 20 cm is, og deretter 30 cm vatn før botnen. Trygt på alle vis...

Alltid lurt med kaffi. Det vart 12-13 grader og mild vind.

Når det gjeld skeisinga tok Karianne ansvar og dokumenterte ferdigheitene.. Så det er mine sprell som vert offentleggjort i dag. Pappa hadde og nokre interessante "moves" då han skulle demonstrere verdsmeisterstart på 500 meter...

Forsøk på kunstar

Kan dette gå?

Forsøk på opphenting - det KAN GÅ!

Nei, det vart for mykje tyngdekrefter..

Flott utsikt innover Skarsetfjella.
Frå venstre: Raudtuva, Lauvhornet, Skalten med snø bakerst og Tinden til høgre. 


Flott tur! Det er skikkeleg artig med skeiser. Verdsmeister eller ikkje. 

6 kommentarer:

  1. Herlig, herlig! Synd været slo om akkurat nå når det var skøyteis i sikte heromkring også…..

    SvarSlett
  2. Perfekt skøyteis! :-D :-D og i dei omgivelsane også da! Du er sannelig ikkje verst som prøver deg på kunstner også, eg slit med å berre holde meg oppreist -S

    SvarSlett
  3. Nå fikk jeg lyst til å gå på skøyter. (Eller skeiser, som det egentlig heter her også. Artig at dere også sier det.)

    SvarSlett
    Svar
    1. Seier so. Og når vi seier det, så høyres det nesten heilt likt ut som eit tysk kraftuttrykk!! :)

      (Visste du måtte prøve det ja...)

      Slett
  4. Hvordan fikk du forresten til å sette de høydebildene så fint ved siden av hverandre?

    SvarSlett
    Svar
    1. Lag dei små, midtstill begge og dra dei i hop? Så kan ein som regel stille de til medium storleik etterpå. Prøv?

      Slett