onsdag 28. mai 2014

Hildrehesten (740 moh)

26.05 Eg har drøymt om å gå Hildrehesten på langs i shorts og sommarsolnedgang i lang tid. Søndagen meldte yr.no strålande sol neste kveld, og Beate lurte på om eg ville på tur..! Tung å be? Neeei.... Det var med vantru og fornekting eg køyrde innover mot toppar i skoddehav i gråver etter jobb.

Fantastisk merking og skilting på Hildrehesten! 
Her har nokon gjort ein formidabel jobb med steinlegging av sti og merking både med måling og anna. 

Urkedalsvatnet og toppen bak i det grå der.

Koseleg med greplyng på veg oppover. Den  gjev meg gode minner frå sommarjobb på Djupvasshytta. 

Beate på sørtoppen. Lite utsikt, men mykje humør!

Vi bestemte oss for å gå over som planlagt, og tok ut ein kompasskurs i tilfelle. Ting vert litt rare i skodde. Retning og avstand vert vridd og snudd og alle steinane ser så... vent litt? Er det ein stein?

Stein med rype. Den første for dagen

Ryper i hopetal! 

Rypene trykte, og berre nokre få flaug opp. Dei fleste tok seg ein tilfeldig "joggetur" då vi kom for nær. Artig å sjå dei så nær, og det gav litt ekstra spenning i skodda. 

Heisann! Er det slik det ser ut ja...

Skodda kom og gjekk og vi fekk nokre glimt av ein fint landskap rundt oss. 

Midttoppen (trudde vi i alle fall..)

Den tammaste rypa for dagen. 

Smalaste punktet på "Hesten"

Offerplass? Eller leikeplass? 

Over Synnalandsskåla fekk vi noko meir utsikt, både til Brattvågen og Nordøyane. Det er nye variantar av utsikt for meg - så kjekt å i alle fall få eit lite glimt!

Stigs varde - merka 08.08.08. All ære til byggmakaren - dette var ein utruleg fin varde! Eg vert glad av slike. 

"Delfinen" viste veg til Hestehovudet, toppen i nord, 735 moh. I skodde sjølvsagt. 

Det var herleg lett og fint å gå hesteryggen på langs. Nesten flatt og nesten god sti heile vegen. Vi fann greit stien ned i nordvest. Siste kneika ned mot Litle Hestevatnet var rimeleg bratt. Eg var glad for at vi tok den kneika på veg NED. 

Litle Hestevatnet og Nordøyane på rad og rekke. Løvsøya, Haramsøya og Skuløya. 

Ser heim til foreldra mine! Gulberget til venstre og skimtar såvidt spissen på Skarsettinden midt i det grå fjellpartiet til høgre. 

Store Hestevatnet

Hestehovudet, mesteparten av ryggen vi har gått bakover til venstre og kneika vi kom ned til høgre. 

Som vanleg rundar vi av turane med nokre master. Desse trur eg er heilt vanlege, og ikkje noko monster i det heile. 

Gløtt av blå himmel i havet og fint kveldslys gjer godt etter ein lang marsj i skodda. 

Eg har framleis trua på Hildrehesten i shorts og solnedgang, men det er ein brukbar fin tur i skodde og! I alle fall i godt selskap med innlagt rypesafari i høgda! No har eg gått den på langs, så får shorts og solnedgang verte NESTE gong. Vi brukte omlag 4 timar på turen og då gjekk vi verken fort eller seint. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar