torsdag 12. juni 2014

Pinsepadling i Solund - Ospa (dag 1)

07.06 Pinsepadling! Endeleg! Helga har vore øyremerkt i lang tid og vi var klare. Nokre utfordringar dukka likevel opp. Kva er egna padlebekledning skal tru? Ei vond arm og redusert bemanning på turen. Kor tid KJEM eigentleg flyet frå Tromsø? Ikkje tidsnok til å rekke ekspressen viste det seg. Med utsett start til laurdag morgon klarte vi å stille oss i ferjekø (i god tid... gjesp!) på ei ferje som i alle fall ikkje skulle gå DEN føremiddagen. Med Dalsfjordbru går det heldigvis an å køyre rundt, og då køyrde vi for sikkerheits skuld om Straumsnes (blindveg) på vår veg til Korssund. NO skal det verte godt å komme seg på sjøen der vi har litt meir kontroll med tinga, tenkte eg for meg sjølv...

 Her kryssar vi over til Aralden.

Grått men lovande. Første strekk: Korsund - Lammetun - Aralden. Utruleg kjekt å padle med Alden i horisonten att! 

Sjørøvar på eiga skute..

Ankomst Aralden sør

Det er berre SÅ lekkert her. Vindstille og varmt! Samrøystes lunsj og soling til vi kan padle over "eidet"!

Hjerteskjell

Om ein finn Hjarteskjela levande og er svolten: Link til oppskrift "Hjerteskjell i hvitvin"

Teambilde for dagen! Godt og varmt i tørrdrakt etterkvart. 

Sydenstemning og kos. Aralden innfrir denne gongen og. 

Brufjorden - og vi legg Askvoll bak oss.

Gjennom Myrbærskjæra - Solundprofilen dukkar opp i horisonten.

Vi kryssar over til Færøyna og legg oss på vestleg kurs. Forbi Færøyosen og Drivøyosen mot Ospa. Sørsida har vi padla før og no gler eg med til nordsida. På kartet ser det ut som ein flott skjergard med mykje holmar og små øyer. Aller først må vi ha mat (igjen...), og første og beste landingsplass viser seg å vere ei perle!  

Inn vika på Stangarholmen

Velkomstkomiteen på Stangarholmen! Vi burde jo ha skjønt det.. 

Idyll på Stangarholmen. Mogleg å telte her for 1-2 telt. 

Arinbjørn tek eit lynkurs i mat og geografi.
FÅR i MÅRpølse og vi er i SOGN.. Om du ikkje gjev oss matfred no så vert du pålegg.... Væren tek trugsmåla med knusande ro. 

Alden frå Stangarholmen

Vi for inn i alle viker på Ospa, og rekognoserte etter framtidige teltplassar. Nordre Resevågen hadde berre bratte berg i sjøen. Kalvøykyllaren verka lovande på kartet, men det var i grunn ikkje noko å rope hurra for der heller. Det er ein liten teltplass på nordvestsida, med plass til 1-2 telt om ein må, og ein fin  lunsjplass på austsida lenger inne. Ikkje noko ved eller brennbart å sjå i heile vågen.  

Kalvøykyllaren - lunsjplass

Nordlegaste vika på Ospa - fin plass men...

Den siste vika var fin med strand, teltplass og litt rekved. Men her kjem ein seg i utgangspunktet berre ut på flo, og om det kjem dønning frå nord er det nok rimeleg krevjande å komme seg ut i det heile. Nødhamn ja.  

Snirkling på Ospa - Bulandet i horisonten

Så snirkla vi og padla innimellom flotte konglomoratholmar. Fasinerande stein. Kvar bergvegg vert som eit kunstverk. 

Vi for inn i Styrsvågen på vestsida for camping. Det var ikkje innlysande perfekt å dra opp kajakkar på storsteinen her, men fin teltplass og tilgang på brennbart materiale avgjorde saka. 

Kveldssol og basecamp i Styrsvågen


Kokken i arbeid! Scampigryta til Arinbjørn er ein favoritt på tur, og aller best når han lagar den sjølv. Ræge-vin på plastflaske var prikken over i-en på eit retteleg herremåltid!

God stemning i Styrsvågen. Nydeleg sommarkveld og nok trekk til å halde knotten på avstand. 



Konseptet er kjent, og vi har på ein måte gjort det før. Padling, snoking på nye plassar, camping, middag og bål. Triveleg er det. Kvar gong. 

Ruta første dag: 25 km padling.

6 kommentarer:

  1. Imponerende horn på det dyret! - Flotte bilder.

    SvarSlett
    Svar
    1. Fantastiske horn ja. Eg tykkjer det er så utruleg vittig at vi finn STANGARholmen, og der dukkar det opp to slike! :)

      Slett
  2. Det såg rimelig herleg ut! Gler meg til Askvoll/Solund padling ved høve.

    SvarSlett
    Svar
    1. Høve må vi finne. Om ikkje vi rekk det i år må det vere prioritert turmål/langhelg i 2015!

      Slett
  3. Det er fantastisk kjekt å få "vere med" på turane -som du tek slike kjempefine bilete av! Utruleg flott blogg du har! Gleder meg til neste tur :)

    SvarSlett
  4. Flotte bilder og tur.. Me like! :-)

    SvarSlett