fredag 13. juni 2014

Pinsepadling i Solund - Ospekyrkja, Gåsvær og Lågøy (dag 2)

08.06 Varmt i teltet. Lovar godt...

Morgonutsikta mot Gåsvær! Kjempevarmt og trykkande.

Strålande morgon, kjekt når utsikta frå teltet er slik. Nokon startar dagen med bading. (Syden er oppskrytt..)

Eg testa juni-rulle med full kajakk. Første forsøk totalt mislykka, med mykje luft i drakta og eg kom ikkje rundt eller ned eller noko som helst. A-ha-oppleving då eg skjønnar at eg IKKJE klarar å tømme full kajakk for vatn på "normalt" vis. Cowboy, padle med fylt kajakk til land, tømme og prøve på nytt. Då satt rulla som eit skot. 

Sola forsvann då vi vi kom oss i kajakkane. No skulle vi på grotteferd. Nina og eg har vore på leit etter Ospekirkja før, utan hell. Arinbjørn har vore der før, men det var ikkje mykje hjelp i, for han hugsa berre TÅRNFALKEN som dei såg på same turen.   

Tårnfalk, tårnfalk, tårnfalk.....

DETTE var ikkje meldt. Kvar vart det av sol og sommar?

No fann vi grotta! Nokon hadde bygd reir i toppen av inngangen. Kan det ha vore ein tårnfalk?

Innsikt og utsikt.

I hola låg det to motstandsfolk i telt våren -43 og dreiv med radiosendingar. På Ospa var det våpenlager og bunkerslager. Motstandsfolka rømte til Sverige, men vart tekne og sat i fangenskap resten av krigen. Hendinga kring MTB-345 i Solund i 1943 med avretting av seks norske og ein engelsk marinesoldat i full uniform, er mellom dei grovaste brotsverka som nazistane gjorde seg skuld i Noreg under krigen (ref Fylkesleksikonet).

Langs stranda lyste det opp med store gule blomar. Er dei ville eller forvilla? 

Sverdiris! (Ville, faktisk) 

Farvel til Ospa (Med Alden og Høgkletten bak). 

Solundhorisont og kryssing over til Gåsvær

Ankomst Gåsværet, som vi berre skulle gjennom og i alle fall ikkje på land i...

Gåsvær

Eg har lenge hatt ein draum om å komme padlande til Gåsvær! Væreigaren fekk overraskande besøk av Bergen Turlag som hadde vore på Alden, så det var folksomt på brygga. Vi spurte fint om påfyll av vatn, og det fekk vi heldigvis. 

SÅ glad for nokre liter vatn. 
(Jadda, det vart landing og lunsj og gode greier i Gåsværet....)

Neste etappe var kryssing over til Lågøy. Det var i grunn ei drittetappe. Ingen bilde. Motvind, frisk bris og grått i grått. Gjennom Plittane og over Plittosen. Deretter fekk eg ikkje kart og terreng til å stemme i det heile. 

Varden på bildet står på Kråka og er ikkje Lågøyfallet..

Brått såg vi Lågøystolane rett til venstre. Vi var på full fart mot Lågøy sør. Eg hadde ikkje finrekna på kompasskurs og teke for gitt at varden vi såg var lik Lågøyfallet på kartet.... og DET var den jo ikkje.  

Første møte med Lågøystolane

Denne stolen er oppteken..

Målretta landing. 

Så kjem spørsmålet: Kor lenge skal vi vere, og kva med skifting/ekstra klede osv. Jarle seier høgt det fleire tenker: Kan vi ikkje berre campe her då?



Basecamp Lågøystolane

Viltgryte, masse rekved, dessert frå Askvoll delikatesser, bål i flomålet, bursdagssong for Nina og berre den kulaste leirplassen du kan tenke deg! Bra turdag. Nok vind til ingen knott! Heilt utruleg. To døgn i Solund utan at myggmiddelet har vore i bruk!

Hurtigruta på nord ved midnatt

Ruta dag 2 - 17 km

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar