tirsdag 30. desember 2014

Godt nytt år!

01.01.15 GODT NYTT ÅR! Den beste helsinga gjennom året! Eg vil helst rope det ut. Eg nyt desse dagane då vi går rundt og ønskjer familie, venner og kollegaer eit godt nytt år. Gode ønskje. For eit HEILT år! Eit NYTT år! Vi vert tidsnok jekka ned i løpet av året, og dagane kjem til å komme i alle fargar - også grå. Nett no er fokus på GODT og NYTT. Det held det. Inntil vidare.

Nyttårsaften Skarset 2014

2015 skal vere friluftslivets år. Det passar meg fint. Eg skal vere med på det. Først eit tilbakeblikk på 2014. Alle seriøse aktørar har nemleg eit tilbakeblikk. 2014 vart det året som eg nesten ikkje klarte å svelge unna høgdepunkt. Det har vore gøy, innhaldsrikt, slitsomt og herleg. Vinteren som aldri kom, sommaren som aldri tok slutt. Fine folk på tur. Det vert viktigare for meg for kvart år. Folka er ein like stor del av opplevinga som turen. Bading, kvaling, fjøleturar. Båling og kaffikok. Rulling, surfing og "sentrifugering". Ski, skøyter, stegjarn, sykkel, kajakk, telt og fjellsko har vore i bruk. Brukbart.

Eg nådde nesten alle turmåla mine for 2014. Det største var Jostedalsbreen på langs. Eg har tenkt på den turen sidan 1996, og ofte avslutta tankerekka med at det ikkje var innanfor rekkevidde. Som i aldri. Målretta jobbing og førebuing, gjennomføring med 100% innsats og vi kunne stå med klump i magen ved Supphellebreen og sjå ned i Fjærland etter 5 dagar på tur. Meistringskjensla var overveldande.








Kva så for 2015?
Tradisjonen med å sette meg nokre turmål vil eg halde på. Det er ikkje noko tvangstrøye, men eg kikkar tilbake om eit år, og ser korleis det har gått. Som regel har eg gjort mykje av ønskelista, ikkje alt, men og noko anna. Så eg tenker "ønskelista" for 2015 ser omlag slik ut: 

- Markere ”Friluftslivets år

- Halde fram opplæringa i ”Synnøve Lundes uteskole”. Det er givande og spennande!

- Kvardagsfriluftslivet - ein tur om dagen gjer godt for humøret! Finne eit par nye ruter i nabolaget.

- Lære meg eit par nye ruller. Det freistar å delta på rulleworkshop og rullemeisterskap på Stokkøya, men går det i 2015? Eg må auke innsatsen på månadsrullinga, så godkjent rulle på begge sider må vere eit minimum.

- Ein lang skitur (meir enn 2 overnattingar)

- Ein lang fjelltur (meir enn 2 overnattingar)

- Ein lang padletur (meir enn 2 overnattingar)

- Padle til minst eit nytt fyr

- Topptur til minst 5 nye toppar. Jønshornet er på lista. Eggenipa med Aase. Åvasstinden med Kristin. Hornelen. Torvløysa med Sygni.

- Gå turorienteringa til Emblem IL

- Sanke fjøler i Sykkylven

- Turhelg med Ås-jentene, og turar med flest mogleg av turvennar i vest og nord.

- Turmat: utvikle konseptet turmat, nytte potensialet i tørke- og vakumeringsmaskin som eg no har i eige.

- Lære meg noko nytt – kanskje eit brekurs?

- Telte – og prøve på eit nytt år med telting gjennom heile året.

- Geiranger. Helgetur og fjellturar der inne. Det freistar veldig.

- Det mest hårete i 2015, etter oppmoding frå Jorunn: Kjeringi open i Sogn. Deltaking og overleving er målet. 

Det er mange gode venner som eg håpar å "ture" med i løpet av året - ingen nemnt, ingen gløymt!

I impuls meldte eg meg på ein guida fjelltur i Sveits. Opplegget er kommersielt og del av profileringa til Gore-Tex. Dei som har meldt seg på må stemmast fram og plukkast ut. Fram til 12. januar kan du gje meg ei stemme her om du vil:  http://www.experience-tour.com/tour/history-sessions/applicant/5228/. Så får vi sjå etterkvart om det vert fjelltur i utlandet på meg. 

Eg håpar bloggen kan gje inspirasjon til at DU tek kontakt med venner og kjente og spør om dei vert med på tur. Inspirasjon til å vere ute, nyte naturen, tøye eigne grenser, lære noko nytt. Kort eller lang spelar ikkje noko rolle. Frisk luft og gode opplevingar kan ein få rett rundt hjørnet. Legg gjerne att ein kommentar, og skryt gjerne av dine EIGNE turar og då vel! Del tips og triks, og spør og grav om du vil vite meir om nokre av turane. Bli med å gjere 2015 til friluftslivets år!

Godt nytt turår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar