mandag 23. februar 2015

Vinterferietur på Vardane

22.01 No har eg eigentleg ikkje vinterferie. Denne søndagen på Vardane gav den perfekte vinterferiekjensla likevel. Snø, kvitt, vakkert, vind, hint av kommande påskestemning i solgløtta.

Bygene gjekk kvite og ugjennomtrengelege frå morgonen. Vi la i veg i ellevetida frå Eikrem.

Grått, med håp om blått. Eventyrskog og vinterstemning. 

Det var både fotspor og skispor oppover skogsvegane. Etterkvart kom vi inn på scooterløype og. Det var berre velstand oppover bakkane. 

Sol og nesten påskestemning!

Rollonhytta. 

Synnøve er tidlegare Rollonjente, og vi var einige om at hytta var eit flott syn. Hyttevaktene måka og lagde toddy på hytta. No framover må vi hugse å legge litt pengar i sekken som standardutrustning.

Det hadde gått tre personar føre oss frå hytta, så vi hadde spor. Det var ein kalkulert gevinst med å starte litt seint... Dei som hadde gått føre hadde lagt spora i perfekte slake bautar oppover lia, så det var berre å gå. Svært godt lagte spor. Lett å gå med kortfell.  

Sikta forsvann, vi hadde vind i ansiktet og attknepne auge. Det var nok spor til å berre gå, og elles såg eg ikkje meir enn nokre meter framom meg. Vi møtte sporleggarane på veg ned. Dei fekk skryt, og kunne stadfeste at spora gjekk på Vardane. 

Nesten oppe! 

Eg på veg mot toppen (Foto: Synnøve)

Iskunst på Vardane (begge foto: Synnøve)
  
Synnøve på toppen 776 moh. Litt betre sikt, ei brødskive og av med fellene. 

Det var berre kjekt å renne ned att. Vi vart forundra over kor fort spora bleste att. Mange plassar var det berre såvidt råd å sjå våre eigne spor opp. Laust og fint, og god brems i snøen.  

Verda opnar seg. Vår venn Festøykollen viser seg fram. 

Frå Taustua vart vi freista til å renne i skogen i staden for å ploge ned vegen. Skikkeleg artig i eventyrskogen! Det var nok snø til at det vart meir stamping enn renning, men vi kom oss fint ned lia.  
Ned eventyrskogen

4 timar søndagstur med prat og pausar. Innom Rollonhytta var vi og. Veldig kjekt og perfekt vinterferiesøndag!

Ca 12 km og vel 700 høgdemeter.

onsdag 4. februar 2015

Fløyelsføre på Frostadtind

03.02 Vi prøvar igjen! Snøen lava tung og våt i byen. Tunellen var stengt så eg kom meg ikkje avgarde til rett tid. Typisk for desse kveldsturane våre.. 0-føre og griseglatt innover til Engesetdalen.

Lett snøver og laus snø frå parkeringa. Nokon hadde gått her tidlegare på ettermiddagen. Det var vi glade for. Fellene sat som eit skot. Verda var vakker. Månen kikka fram mellom bygene. Trea luta seg av snømengdene.

Nesten oppe stoppa spora. Det var opplet, og vi såg ein rygg. Kompasset peika vidare ved sidan av ryggen. Litt i tvil gjekk vi opp der vi såg, og kom på sjølvaste toppen av Frostadtind. Sjølvaste toppen ligg inne på ryggen, er 807 moh og markert med ein minivardesteinhaug.

Vi hadde gått forbi hovedvarden då vi kikka på kompasset gitt.

Nedover var det fløyelsføre!15 cm med laus snø/tungt pudder. Det var berre å stå! Ikkje noko lugging, passeleg brems i snøen, lett å svinge! Herleg! Superherleg!  Vi møtte ein kar på veg opp, og vips  var vi nede. Eg kjende meg nesten litt snytt. Var det ikkje meir bakkar enn dette? Vi møtte fleire små vettskremte spissmus i skispora på veg ned. Kva no dei skulle ute om kvelden.

Eg trur aldri eg har vore på skitur med betre føre nokon gong. Det var berre heilt fantastisk. Vi er heldige som har moglegheiten til å berre stikke på slike kveldsturar!!



Avgang 19.30
Toppen 21.00
Attende i bilen 21.40


mandag 2. februar 2015

Vårleg på Storhornet (497 moh)

01.02 Søndag. Planen var å pjaske litt heime. Men for eit ver det vart! Strålande sol frå blå himmel! Sjølv om både hovudet og kroppen i grunn var slitne, så skreik det VÅR, TUR, UT i kvar ei celle. Det var no til alt overmål "Kom-deg-ut-dagen". Eg satsa på nærtur og let rot vere rot ei stund til.

Utsikta frå verandaen heime. Det må verte Godøya i dag!

.. og når vårsol i bakkane blenkte.... Fin og tørr skogssti frå Juv (eller Dyp?)

Over skogen, og fin utsikt til ryggen vidare oppover. Dette er ein favoritt!

Nesten oppe, og utsikta innover er slåande! Sukkertoppen, Ålebyen og kvite alpine fjell i synsranda. 

Varmt og fint. Eg gjekk heile vegen opp i berre trøya. Skikkeleg påskestemning. Kjentfolk traff eg og på vegen. Det var triveleg å slå av ein prat i sola.

Delar av stien var litt glatt, så ein måtte følgje litt med på kvar ein sette føtene. 

....Ørna flyg over hav og land...

Ein flokk ørner sirkla termikk. Tankane gjekk til Sigrid og flyginga hennar. Tøft å sette utfor med skjerm, men eg skjønnar dragninga mot å sigle som ei ørn over kystlandskapet på slike dagar! 

Vidare innover ryggen.  Det var mykje folk oppe, og mange utlendingar. Ein stor gjeng polske karar nytta fridagen på fjelltur. Gleda over frisk luft og utsikt var akkurat like stor uansett kva språk vi snakka. 

Utsikt heim til Valderøya. Skal ein først bu i byggefelt, så er dette eit av dei betre! 

Varden på Storhornet (497 moh) og utsikt mot sørvest. 

Nesten nede att. Fine fargar. Flott landskap. 

Dette lovar godt for februar! Då eg kom heim gjekk det ca 30 minutt før snøen lava ned i store tjukke filler, kong vinter tok grep og bakken vart kvit att.... Store kontrastar! 

Storhornet frå Juv er ein kort tur med fantastisk utsikt. Totalt ca 3 km og 450 høgdemeter. Mykje utsikt for relativt lite innsats.