mandag 2. februar 2015

Vårleg på Storhornet (497 moh)

01.02 Søndag. Planen var å pjaske litt heime. Men for eit ver det vart! Strålande sol frå blå himmel! Sjølv om både hovudet og kroppen i grunn var slitne, så skreik det VÅR, TUR, UT i kvar ei celle. Det var no til alt overmål "Kom-deg-ut-dagen". Eg satsa på nærtur og let rot vere rot ei stund til.

Utsikta frå verandaen heime. Det må verte Godøya i dag!

.. og når vårsol i bakkane blenkte.... Fin og tørr skogssti frå Juv (eller Dyp?)

Over skogen, og fin utsikt til ryggen vidare oppover. Dette er ein favoritt!

Nesten oppe, og utsikta innover er slåande! Sukkertoppen, Ålebyen og kvite alpine fjell i synsranda. 

Varmt og fint. Eg gjekk heile vegen opp i berre trøya. Skikkeleg påskestemning. Kjentfolk traff eg og på vegen. Det var triveleg å slå av ein prat i sola.

Delar av stien var litt glatt, så ein måtte følgje litt med på kvar ein sette føtene. 

....Ørna flyg over hav og land...

Ein flokk ørner sirkla termikk. Tankane gjekk til Sigrid og flyginga hennar. Tøft å sette utfor med skjerm, men eg skjønnar dragninga mot å sigle som ei ørn over kystlandskapet på slike dagar! 

Vidare innover ryggen.  Det var mykje folk oppe, og mange utlendingar. Ein stor gjeng polske karar nytta fridagen på fjelltur. Gleda over frisk luft og utsikt var akkurat like stor uansett kva språk vi snakka. 

Utsikt heim til Valderøya. Skal ein først bu i byggefelt, så er dette eit av dei betre! 

Varden på Storhornet (497 moh) og utsikt mot sørvest. 

Nesten nede att. Fine fargar. Flott landskap. 

Dette lovar godt for februar! Då eg kom heim gjekk det ca 30 minutt før snøen lava ned i store tjukke filler, kong vinter tok grep og bakken vart kvit att.... Store kontrastar! 

Storhornet frå Juv er ein kort tur med fantastisk utsikt. Totalt ca 3 km og 450 høgdemeter. Mykje utsikt for relativt lite innsats.  

2 kommentarer:

  1. Härliga bilder o vyer! Fint tips på höjd att knalla uppför. Får bli ett delmål i årets paddelresor till Norge när Kung Bore har släppt greppet helt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Velkommen, velkommen! Absolutt et fint mål ja. :)

      Slett