mandag 11. mai 2015

Båling ved Dønfoss

3. mai Vi skulle flytte oss frå aust til vest. Sidan det kjendes ut som vi hadde eit hav av tid, la vi inn båling og overantting på tørr reinlav ved Dønfoss. Eigentleg var vi på leit etter ein tiurleik. Det viste seg å ikkje vere så lett å berre dumpe inn på ein tiurleik, på framand grunn, slik på eit blunk. Då vi fann den perfekte plassen for båling og kos attmed elva fekk tiuren halde på for seg sjølv.

Life is good when you can light a fire and spend the night by the river with your friends. A lot of coffee, stories and singing. We found our perfekt spot b y the river Ostri near Dønfoss. #Freedom 

Ahhhhh! Livskvalitet!!

Vestferd-gliset er på plass. 

Keron. Vi heiv ut innerteltet og låg rett i lyngen. Herleg natt.
Etter 20 minus på Sognefjellet natta før kjendes dette som Syden. 

Det var så koseleg ved bålet at vi vart sittande oppe utover kvelden. Kaffilars var med på leiken og Therese og Anders testa turmatkonsept. Eigenprodusert tørka mat var kjempegodt!


Månelyst


Heimelaga turmat: 
Steik karbonadedeig. Tørk saman med hermetiske erter og gulerøter. Pakk det i passelege dosar saman med tørka sopp. Ta med potetmospulver og tacokrydder,

Tilbreding: Tøm kokande vatn over den tørka maten og la det svelle i 20-30 minutt. 
Kvar person tek potetmospulver og tacokrydder i eigen tallerk, tilsett kokande vatn og rører rundt. Tilsett maten frå "svellegryta" og rør rundt. Vips: Ferdig middag! 

Det funka bra, og smakte godt! Heilt klart eit konsept for vidare utvikling.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar