fredag 8. mai 2015

Galdhøpiggen (2469 moh) på ski

1. mai. Turne med Therese! Sidan eg har vore inaktiv og sjuk heile april så starta vi likegodt med Galdhøpiggen. Greit å få ei gjennomkøyring på formen. Før eller seinare må ein berre gå på Galdhøpiggen på ski. Norges høgaste fjell på 1. mai - det må vere ei fin markering!

Skiing (randonnee) to Galdhøpiggen, the highest mountain in Norway. This was our way to mark the International Workers' Day, a public holiday in Norway. Great morning. Long and demanding uphill from Spiterstulen. Clouds coming in, heavy snow from about 2200 meters and not very good conditions for skiing at all. Kind of "been there, done that"-feeling in the end of a long day. Great spring night at basecamp; a full moon shining and grouse lek all over the place.    

Fin kveld å tusle innover frå Spiterstulen

Basecamp her!

1. mai. Nydeleg morgon i botnen av motbakkane.

Nesten syden i teltopninga og full vinter innover dalane. 

Det var varmt i bakkane, og vi gjekk i skjorta oppover. Det skya sakte men sikkert til, og på ca 2000 meter gjekk vi inn i skodda. Formen var dårleg. og det kjentes ut som eg dreiv med tindebestigning med museskritt.  

Bortover eggen i stadig mindre sikt. Mykje folk i fjellet. 

Denne dagen var det Therese som fekk gnagsårutfordringar, men med teiping i tide gjekk det bra!

Tilbakeblikk på Svellnose (2272 moh) som vi var på toppen av
 - og eit muntert følgje frå forsvaret med mobilmusikk. 

Therese ut på Keilhaus topp (2355 moh).

Toppen er fått namn etter Baltazar Mathias Keilhau (17971858) frå Biri som var geolog og fjellklatrar.  Han var ein av «oppdagarane i Jotunheimen» og gjorde banebrytande arbeid med Norges geologi (wikipedia). 

Keilhaus topp har primærfaktor på berre 20 meter, og tel difor ikkje som ein av dei offisielle 2000-metringane, Vi tek likevel med oss alt vi kan få.
Galdhøpigghytta og teambilde på toppen. Ikkje akkurat kjempeutsikt...

Då vi skulle ned var det ca 40-50 cm laus nysnø. Total whiteout. Eplekjekk drog eg fram GPS'en. Tom for batteri. Eplekjekk stakk eg handa i topplokket etter reservebatteri. UPS. Dei låg att i teltet. Med kompasskurs, delvis til fots og med feller tok vi oss same veg tilbake. Frå ca 2000 - 1600 meter over havet var det både sikt og godt føre! Det var eit herleg kvarter! Resten av vegen ned var det gjennomslagsføre og ganske pyton. Anders venta på oss i basecamp, og påstod at det såg ut som vi kom nedover på proteser. Det kjendes i grunn slik ut og.    

Akkurat dette strekket gav herleg nedkøyring!

Det var ein fin tur,  om ikkje den heilt store skiopplevinga, Til alt overmål greide eg å miste ei av fellene i ein travers på veg ned. Ergeleg. No har eg vore på Galdhøpiggen både til fots og med ski, utan å få med noko særleg utsikt. Rimeleg ferdig med denne toppen no. 

 I basecamp vart det felles matøkt i teltet. Ein stor skinnande måne steig over fjella og skapte blåtimenatt i dalane. Rypene klukka og leika seg gjennom vårnatta. Fint. Veldig fint.  


GPS en på veg opp (altså ein veg) viste 7,25 km og1380 meter stigning (60 meter fall).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar