tirsdag 23. juni 2015

Frå storveis til Skoddeheim i Haram


22.06 Dei lysaste kveldane i året er NO! Eg sendte melding: Vil de vere med på overgangstur i Haram? Lang og tung. Gå frå sør til nord mot solnedgangen i havet. Tek sikkert heile kvelden, vi kan ikkje ha tidslimit og må ha med mat til to matpausar.

Great hike crossing 4 mountains in Haram, Sunnmøre. Conditions changed from sunny and warm to dense fog. The Norvegian summer is for sure unpredictable. 

På verdas tak!

Litt meir om korleis vi kom oss dit og derifrå:

Vi starta på Reme. Traktorveg til Remefjellet og deretter skogssti til Remeheia. 
Hoggorm. Hyling.

Glimt av Urfjellet

Fjellkjensla. Kamuflerte høgdepunkt. Det er berre å sjå litt godt etter, 

Ut på tur - aldri sur!

Snøfonn opp mot toppen av Urfjellet (839 moh)

Flagg og vardar i fleng. Urfjellet ønskte velkommen til topps! 

Nordavindsskodda fylte dalane og kledte toppane - men vi slapp i mellom!

Niste med utsikt. Alpeutsikt

Mot Storfjellet (950 moh)
Skodda kom og gjekk.

 
På toppen av Storhornet - vidare mot Keipen

Storfjellet. Høgaste punktet på turen. 
Klokka halv åtte om kvelden. Vindstille. Varme i sola. Vi kosa oss. Vi somla. 

Sykkylvsfjell med Råna i midten

Vi tok kompasskurs og gjekk vidare til Keipen. Det vart tettare. Stor ur, bratt skrent og dramatiske sva på høgre sida. - Det ser ut som ein gravplass her oppe! Kristin ropte frå toppen.  

Keipen (916 moh)

Tøff bauta! Vikingetidsstein?

Grautskodde. Det dreiv vatn og var iskaldt. Frisk nordavind. Godt vi har standard sommarutrustning i sekken (stilongs, lue, vottar, buff, gore tex-jakke). 

Ny kompasskurs og vi la i veg mot Hellandshornet. I teorien lett. Ned ein bakke, ut på ei flate. Det var berre det at vi brått høyrde ein bekk..... og var alt for langt nede. På vegen opp att støtte vi på ein 10 meter høg vegg av snø - hundrevis av meter bortover. Det hadde vore kult å sjå den i samanheng, no vart det berre glimt og bitar der den ruva over oss. Vi gjekk langsmed for å komme oss opp på flata. Den neste halve timen rota vi med kompass, GPS på mobil, nord og sør, og opp og ned. Det var ikkje råd å sjå noko som helst, og det einaste vi var heilt sikre på var at vi gjekk i ring. Den digre flata var ikkje så stor, ho var i alle fall ikkje lett å finne. Etterkvart tok vi oss saman, brukte hjelpemidla våre fornuftig og kobla inn hjernen. Vips var vi på rett veg opp ryggen på Hellandshornet. Rett nok heilt utan utsikt. Men på heilt rett veg. Kart, kompass, GPS og høgdemålar i kombinasjon er supre greier. Om hjernen heng med.  

Hellandshornet (882 moh). Ut på tur - aldri sur!

Nødbu på toppen av Hellandshornet. Vi var ikkje i nød, men greit å vite om bua. 

Vidare ned frå Hellandshornet gjekk vi utan utsikt. Vi traff i hovudsak stien, men den solnedgangen i havet som eg hadde lova vart det dårleg med. 

Like ovanfor siste heia kom vi under skoddeteppet. - Så glad for å sjå eit uklårt glimt av Brattvågen har ingen vore før, kom det tørt frå Synnøve bak meg. Det var bratt ned skogen siste stykket, slik at vi fekk mørna musklane i føtene skikkeleg. Nokre stader var det heldigvis laga til tau å halde seg i. 

Helland og bilen der nede. 

Turen over er ca 14 km og 1500 høgdemeter. + at vi la inn litt diverse roting i skodda ekstra. Vi brukte 6 timar totalt denne kvelden med to matpausar, diverse andre pausar og ein god del navigering.  

4 nye toppar og ny tur i topp selskap! Kjekt med folk som det er triveleg både å sole seg og gå seg litt vill saman med. Nok ein gong har vi fått testa at "standard sommaroppsett" i tursekken både er naudsynt og held mål.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar