tirsdag 21. juli 2015

Vågsøy rundt - del 1. Ulvesund og Skongenes

12.-13. juli Nina og eg har snakka om "Måløy" rundt og 4 fyr i årevis. Det har til no vore enten for lite eller for mykje av tid eller ver, men endeleg! Susande frå kvar vår kant og med Britt på laget starta vi med hot thaimat i gate 3 i Måløy. Kjekt å treffast etter gammalt, og praten gjekk. Etterkvart sosa vi oss bort i Deknepollen og la ut frå småbåthamna der. Sommar, lange dagar og eit hav av tid. Deileg kjensle.

12.-14. of July. We are trying to circumnavigate the island Vågsøy! We wanted to visit all four of the lighthouses in the municipality of Vågsøy. The first two was easy done in one evening. The old lighthouse keeper's house at Skongenes is a DNT-cabin, so we spent the night there. Great start, but how will we manage the next ones? Exposed paddling and difficult landings are waiting for us... 




Måløy. By eller stort byggefelt. 

Supply mot kajakk i Ulvesundet. 

Ulvesund fyr

Nord i sundet, på austsida ligg Ulvesund fyr. Hit går det veg og det er kafe og overnatting på fyret. I tillegg til oss var det ei bjellegeit og ein million knott. Vi var i land lenge nok til å ta eit fellesbilde, så sprang vi i kajakkane att! her var det berre å komme seg på fjorden!

Fyr 1 av 4. Ulvesund fyr med Skongsneset og Sildegapet bak. 

Vidare nordover mot Skongsnes vart det havblikk. Sommarskumringa med blåtonane var vakker og det var heilt stilt. 

Havblikk

Blåtonar i sommarnatta

Då vi nærmar oss fyret er det store spørsmålet: Kjem vi oss i land? Skongsnes fyr er DNT-hytte, og vi hadde planar om ei enkel overnatting. Det såg ikkje ut til å vere andre der ute, og vi padla kring odden for å få oversikt på eventuelle landingsplassar. 


Fyret frå vest - Britt padlar (Dramafunksjon)

Sjølvaste fyret (Dramafunksjon)

Vel. Ingen stad såg lett ut, så vi hoppa i land ved moloen. Glatte berg og ei skikkeleg lårhøne på meg. Det er ikkje på sjøen det skjer...

Fyret er triveleg og med straum og vatn er det skikkeleg luksus. Hit vil eg gjerne fleire gonger! 

 
Landing av kajakkar ved moloen. 

Det ligg faktisk tre kajakkar der oppe. Vi kunne ha spart oss den siste meteren med bæring, men det er så kjipt å bomme på den der. Eg er veldig glad for at vi ikkje måtte lande her med 1 meter dønning innover berga. 

Skongsneshellaren må vi sjå nærare på ein anna gong. Det går og fint an å slå av ein dag i fyrmeisterhagen. I ripssesongen er det eit tips å ta med vaniljesaus. Her er det innebygd tun, og eg trur det skal vere fint le for dei fleste vindretningar. Soling og bok neste gong tenker eg!

Utsikta frå fyret mot Stad og Sildegapet. Kråkenes til venstre. 

Fyrmeisterbustaden, vindmøllene på Mehuken og Kråkeneset som stikk ut til høgre.

Fyr 2 av 4 i boks. Ny dag og nye moglegheiter! Vi var rimeleg spente på landing på Kråkenes og kva som venta oss på vestsida. First things first - vi leikar ikkje turistar, og hadde Vedvika og Refvika som første mål. 


Kart første etappe: Deknepollen- Ulvesund - Skongenes.

13,7 km padling. 
Totalttid 2 timar og 42 minutt inkludert stopp ved Ulvesund fyr. 
Tid i fart: 2 timar 25 minutt. Snittfart 5,7 km/t,  maks 8 km/t

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar