fredag 31. juli 2015

Valderøya spesial! Julitrebrenning og grottevandring

28.07 Eg har eigentleg hatt lyst på ein fjelltur lenge. Denne dagen var nok ein halvdårleg fjelldag. Fjella låg med skyar langt ned i sidene. Eg vil ha utsikt! Det er mogleg det vart mulla om både drittdag og drittsommar til frukost. Eg hadde lagt ut "åte" til Kristin og May-Elin om ein "Valderøy spesial" og heldigvis ville dei ta turen.

Vi starta med grottene. Skjonghellaren er flott og gutane var ivrige og lette på foten.

Fantastisk motiv - kvar gong!!

Inst i Skjonghellaren

Tagginga har eg kritisert før, og gjestane var einige med meg. Det kan då ikkje vere naudsynt å sette namnet sitt overalt? 

Gutane ville ha meir. - Er det ikkje fleire holer? Det er det sjølvsagt, så då sette vi kursen mot Trollkjelen. Eg har ikkje vore ned i den før. 

Gutane var først ned, med innstillinga: - Vi klarar alt, vi! Høglydt deklamert på klingande bergensk. Betryggande. 

Damene etter...(Foto: Kristin BB)

Det var godt å komme ut i varmen att. Ute hos oss var det sol og fint om skodda hang i fjella. No var vi holsvoltne, og eg hadde lova grilling. På veg ned måtte vi berre lengdehoppe litt på idrettsbana først, så var det stranda. 

Juletreet mitt har tørka på verandaen ei stund, og eg hadde surra det på kajakkstativet på bilen.  -Skal vi verkeleg grille det der??? Store guteauge. Eg forklarte overgangen frå juletre til julitre, og kor viktig det er at desse kjem til nytte og vert ofra på skikkeleg vis til for eksempel ein dose kokkaffi. 

Julitreet kjem til nytte!

Moreller, kaffi, pølse, bollar, sol, bading, meir bading, badepakt. Det vart ein herleg sommardag! Feriestemning så det held. 

Nikita fann seg ein plass i ro og fred.  (Foto: Kristin BB)

Takk for besøket! Kjekk dag for store og små. 
Giske har mykje å by på når det gjeld å finne på ting på tvers av aldersgrupper og interesser. 

1 kommentar: