tirsdag 25. august 2015

Jønshornet - endeleg!

21.08. Det vart ein pangstart på jobb etter ferien. Då kom også sommaren. Alle rundt meg gjekk på toppturar, bada og kosa seg. Eg tok morgonflyet til Oslo for heildagsmøte. Fredagen kom og NO KUNNE EG VERE MED PÅ TUR!! Då var det ingen som hadde tid. Typisk. Eg kan vel gå på tur for meg sjølv, når det er slik det skal vere. Øvst på ønskelista stod Jønshornet (1419 moh).

Hiking on my own to the Jønshornet mountain. Great trip. I've wanted to go here for years. A perfect sunny day to really enjoy the steep hills and spectacular cliffs in the Molladalen valley. 

Einsleg vandrar. Fint frå første steg frå Barstadsetra.

Sommar og taggerekkefjell! Dette kan eg like!

Molladalstindane

Molladalen. Første gongen min her. 
Molladalen er eit lett tilgjengeleg og ynda turmål så det er litt rart at eg ikkje er her oftare...

Ruta er rett fram og opp til venstre for snøfonna. Effektive høgdemeter borti der.

Råe fjell

Heftige formasjonar

Middag i bakken. Laks med mangosalat. Heilt grei utsikt. 

Eit par karar for forbi medan eg åt middag. Han eine hadde vore oppe før, og eg innrømte høgdeskrekken. Det går mange historier om kor luftig det er og ikkje er å gå på Jønshornet, så eg såg det ikkje som eit nederlag om eg måtte snu. 

Høgdemetrane gjekk fort, det var lett å finne vegen, og nye fjell dukka opp på alle kantar.

Molladalen og Middagstinden langt der nede

Oppsann! Her bikka eg kanten. No skulle eg til venstre, men rett fram er ryggen om Rametinden som alternativ rute ned. 

Ryggen var spennande men eg tykte ikkje den var spesielt utsatt. Det var eit par plassar der det var smalare, og litt klyving, men eg kom meg greit forbi. Eg såg karane framom meg kaste eit par kontrollblikk om eg kom meg over dei vanskelege partia, og det var hyggeleg av dei. Eg fekk krampetendensar i leggane siste biten og det var skikkeleg irriterande!

Her er den smale ryggen ein må over. Eg kom opp frå venstre og har gått på ryggen på "snøsida"

Yess! Oppe! Kjempenøgd. Krampene gløymt!
No var det berre å ta bilde og krype gjennom holet og opp heilt på toppen bak meg.

Fjellheimen lag på lag

Topp utsikt frå toppen. Randers topp nærast trur eg?

Dei trivelege karane frå Hjørungavåg hadde teke matpausa på toppen og vi prata om laust og fast. Dei skulle ned andre vegen og etter ei samla vurdering fann eg ut at det var lurt å henge seg på. Både for selskapet og HMS-en. Det låg skodde i havet og eg var usikker på kvar ho hadde tenkt seg. 

Frå toppen kjem ein seg greit ned gjennom dette holet.

Vi held langt til høgre på ryggen mot Rametinden, og fann både tauet og stien. Det er mykje trakk lenger til venstre i dette området, men då kjem ein ut i lausare ur og sidebratt terreng. 

Mot Rametinden. Svinetind til venstre. Festøykollen bak. 

Siste blikk opp mot Jønshornet frå Rametinden. 

Flott tur og etterkvart i hyggeleg selskap! Kjekt med ein heilaften i shorts på fjellet. Ikkje så gale luftig som eg frykta, men folk må kjenne på kvar grensa for luftig går for eigen del.  


GPS'en viste 13,3 km - 1410 høgdemeter og 4 timar og 11 minutt gangtid. (+ 1,5 time stopptid. Middag, fotografering, pustepause..)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar