søndag 27. september 2015

Saksa (1073 moh)

17.09 Storfint besøk med røter frå studietida. Helga var booka i god tid, og planen var klar. Toppturar på Sunnmøre! Sidan veret ikkje heilt spelte på lag med oss, vart ambisjonsnivået redusert frå dei lengste turane til dei finaste utsiktstoppane. Saksa har vore Sunnmøres fjellpopstjerne i år, med nye trapper i ura, betre merking av stiane og ny gapahuk. Bygdelaget på Urke har gjort ein god jobb både i terrenget og i media. Standhaftige rykte om at denne toppen gav mykje utsikt for høgdemetrane gjorde utslaget - vi for til Urke!

Saksa frå Sæbø! Slogen bak til høgre.
Turen går frå høgre i bildet (Leknes) og følger ryggen mot toppen til venstre

Ferge er stas. Særleg i godt selskap. Særleg på Sunnmøre. Særleg med kongeutsikt til taggerekker på alle kantar. 

Vi for til Urke, sjekka inn på hytta på Urke camping og for på cafe. Hurtigruta går inn fjorden om hausten og då er det folkemøte og kaffedrikking på kaia kring lunsjtider. Kjempefin kafè og gode vaflar. Det er ikkje feil med Hurtigruta, norske flagg og blide fjes innramma av Skårasalen og Slogen.


Den som har fjell å bestige kan ikkje sitte på kafe heile dagen. Vi for attende til fergekaia på Leknes og følgde skiltinga oppover lia. 

Sti i kulturlandskap med fin fjordutsikt frå starten. 

Bratte høgdemeter i skogen

Oppe på ryggen mellom Leknesnakken og Saksa. Litt haust og mykje utsikt!

Flett nye trapper låg godt i terrenget i ura.

Fjordkrysset med Stålberghornet i midten. Øye til venstre og Bjørke til høgre

Kristin og Slogen. Dei kler kvarandre godt!

Teambilde på toppen av søndre. Lekker utsikt. Verkeleg bra 360 graders rundskue. 

Panoramabilde frå Saksa

Hege tok ansvar og booka Sunnmørshelg!

Sæbø

Utsikt frå midttoppen. Spennande klyving i mellom desse to.

Mot Brekketindane

Frå nordtoppen
 
Turt i lia på veg ned

Gapahuken rett over Urke

Seinsommarkveld ved Norangsfjorden

Stålberghornet frå Leknes

Dagen vart runda av med varm dusj og god mat på hytta på Urke camping. 
Vi brukte 6,5 time totalt på turen, med fleire gode pausar og mykje fotografering. Ein topp topptur i boks, og vi såg litt lysare på dei ustabile meldingane for resten av helga. 

3 kommentarer:

  1. I love it! ♡ Herlig plan for dagen. Nyyydelige bilder av gjengen, terrenget og for ei utsikt. Høsten er fantastisk i fjellet :)

    SvarSlett
    Svar
    1. hausten er flott, og det er godt å ha slike turar på lager når hauststormane sett in for fullt! :)

      Slett
  2. Åååå! Virkelig en flott tur! Begynte på den turen der for noen år siden, men fekk beskjed om å snu, var gravid og hadde stor mage, så mine foreldre sa stopp :-P Men ser at den absolutt er verdt å dra tilbake or å fullføre :-) Kjempe fine bilder Lene ;-)

    SvarSlett