torsdag 14. juli 2016

Opning av Dronningvarden på Stortinden (530 moh)

14.07 Opning av Dronningvarden i Digermulen. Kven skulle trudd at vi var slike royalistar? Sannheita kom for ein dag, og vi køyrde oppover i gråver og regn. Heldigvis var det lettare utover.

Start i Årstein, ved gartneriet. Bygda hadde slege parkeringsplassar i rikt mon, og sett opp vaffeltelt på bøen.

Fin sti i skogen

Folkevandring i bakkane med folk i alle aldersgrupper frå 1 - 80 år

Kongeskipet

På kanten, og lekker utsikt over Raftsundet 

Risvær

Svellingsflaget

Downtown Digermulen og mot Trollfjorden

Maurtue på Salen

Dronningbolle og vindsekk - veldig kjekt å ha begge delar

Fleire hundre menneske fekk med seg talar frå DNT-folk og ordførarar og musikkinnslag.

Hennes Majestet Dronning Sonja med følgje kjem ned etter å ha festa plakett på varden. 

Dronninga sin tale var den beste for dagen. Ho minte oss på at ein blir glad av å vere i naturen, og at fjellet er ein fin stad for gode møte mellom menneske.

Eit skikkeleg bra arrangement, og stor stas å få vere med på dette. Vesterålen Turlag og Lofoten Turlag fotjener honnør for idè og gjennomføring.

Vi venta omlag til slutt før vi gjekk heilt opp på varden. 

Storemolla med dramatisk landskap

Padlepotensiale


Trangt på toppen

Slåttekunst

Denne boka måtte vi skrive i!

Betre kan det vel ikkje seiast?

Dronningvarden!

Teambilde - heile Vestfjorden og Lofotfjell i horisonten

Vesterålsfjell lag på lag

Kart over løypa: Fra boka "På tur i vesterålen og Lødingen. Foto Trond Løkke. 
I anledninga henta fra www.vol.no

Vi rakk vaflane, og fekk helse på Eivind og gjengen i Digermulen - veldig kjekt. Trur halve Askvoll har vore i Digermulen i år, merkeleg samantreff? 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar