tirsdag 11. juli 2017

Alperangling med Trude (Molladalsskaret)

10.07.17 Sommaren so langt har vore betre egna til fjelltur enn soling, og det har blitt mange turar til Ørsta på meg. Endeleg fekk Trude og eg rotta oss saman på tur att, og eg må nesten advare med ein gong. Dette innlegget vert i sjangeren ekstatisk nasjonalromantikk, ja kanskje heilt på grensa til "Sunnmørsporno".

På Ytre-Standal svingte vi opp dalen og køyrde vegen til endes (hugs bompengar). Allereie her var naturen vill og vakker. Dei yndige revebjellene langs vegkanten klarte ikkje skjule spora etter flaumstor elv; blankskurte rullestein og lausmassar låg hulter i bulter langs heile vegen. Store tunge fjellmassiv kransa om dalen, og steile sva og pinaklar konkurrerte om merksemda.  

Turen starta i indrefileten av det vestlandske fjordlandskapet. Kjerreveg først og deretter god sti. 

Ved Høgevatnet, Grønetinden (1014 moh) midt på, Svinetind (1132 moh) til venstre.  

Tydelege og "nylege" spor etter bre- og elveerosjon. Her var det eit heilt anna og meir "umodent" landskap enn i dei andre dalane i Ørsta eg har vore i. 
Høgaste toppen litt til venstre er Nordre Sætretind, til høgre ligg Kolåstind. Overgangsruta til Standalhytta går i dalen ut mot høgre her og svingar til venstre framom og oppunder Kolåstindmassivet og over til neste dal bakom der.. 
  
Det var greit å gå også gjennom ura mot toppen. Ekstatiske kvinnehyl gjalla då toppane i Molladalen stakk opp over himmelsjå. Synet gav litt ekstra futt i beina for å komme seg fort heilt opp på kanten. 

GLIIIIIIS!!! 
Sjølv om vi visste at toppane låg der, og for så vidt har sett dei før, så var det fest i leiren over den fantastiske utsikta! Vi vart høge på livet, sommaren og Sunnmøre - og det heldt seg lenge! 

Grønetinden til høgre. 
Dit skulle vi sjølvsagt, men vi måtte berre ete først.

Trude på toppen av Grønetinden - meir på toppen kjem ein ikkje her. 

På nettet vert Grønetinden skildra som ein litt stusseleg og lite spektakulær topp. Det er for så vidt greit, men UTSIKTA herifrå er den beste eg har sett på Sunnmøre nokon gong, trur eg. 

Storevatnet og Molladalstindane. Dei største frå venstre; Jønshornet, Randers topp og Mohns topp.
 
Nordre Sætretind (t.v) Kolåstind (t.h)


Panorama mot Storkopptindane og Romedalstinden

Det var framleis tidleg på kvelden, så vi bestemte oss for å gå vidare utover mot Svinetinden, så langt vi kom. Det såg heftig ut, med spennande pinaklar langsetter ryggen. 

Kor langt bort kjem vi oss?

Nokre få planter stod framleis i blom - her Rødsildre. 

Panorama frå ryggen. Molladalen til venstre og Ytre-Standal til høgre

Kult landskap

Det som såg umogleg ut var greit å runde då vi kom nærare. Vi jobba oss bortover ryggen pinakkel for pinakkel. 

Spennande og variert berggrunn.  Her kom vi til kort med kunnskapen. 
Vi ønska oss ein geolog-turvenn. Gjerne ein eller ei med stor interesse for formidling,  og kunnskap om kvartærgeologi, bergartar, landformer, mineral og glasiologi. 

Trude midt i pinakkelrekka


På namnlaustopp (1060 moh) og tilbake mot ryggen vi hadde gått.

Den som heiter Svinetind (1125 moh) på kartet er den toppen her - og dit gjekk vi av naturlege årsakar ikkje.  

Godt nøgde med dagen starta vi på heimvegen. Berget stråla tilbake solvarmen mot oss, vinden stilna og fjella kasta etterkvart lange skuggar ned i dalen. Det var enkelt og effektivt å gå same veg tilbake og følgje stien nedover. 


Namnlaustoppen som vi kom oss ut til heilt til venstre. Kul rekke. 

Stølen på Ytre-Standal er fotogen og eit ikon på Sunnmøre, Berre turen hit opp er verd å stoppe for.

Fantastisk dag, rå natur. Ny favoritt, hit skal eg oftare. I det vi sette oss i bilen skya det til kring toppane.  Vi rakk akkurat ei ferje og det var i grunn berre ei utfordring: å lande etter ei stor oppleving.

Totalt 11 km t/r og 850 høgdemeter (ref. Endomono)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar