torsdag 6. juli 2017

Svinetinden (1092 moh)

5.7.17 Stusseleg sommar så langt. Då det endeleg vart ein finversdag nytta vi høvet, og stakk til fjells etter lunsj. Det freista med ein ny topp og vi hadde blinka oss ut Svinetinden i Ørsta med utgangspunkt Barstadvika.

Svinetinden til venstre her....

For å komme seg hit startar turen idyllisk etter setrevegen med livlege bekkar som klukkar og leikar langs stien.

Fin start på turen!

Neste etappe er rein transport gjennom eit dystert og livlaust granfelt, og kan i beste fall skildrast som effektive høgdemeter. Etter ein dryg halvtime åpnar landskapet seg oppe ved Gamlestøylen.

Barstadvika og Sula

Vi fann ein sti i rett retning over myra like etter støylen. Flatt og ope og reine sjarmøretappa. Vi tok nista ved foten av fjellet for å ha litt å gå på oppover siste bakkane. Bratt, lyng og dårleg med sti vidare oppover. Det var varmt nok til å gå  med shorts og singlet nesten heilt til topps, og ikkje ei fluge å sjå.    

Vi heldt oss etter ryggen til venstre. Greit å gå her, det vart høge kneløft og kondistest.  

Dramatisk og rått landskap mot Rametinden, som kom og gjekk i skodda. 

Toppegga var markert, men det var greit å gå her. Vi gjekk på både det høgaste punktet og varden. 

På toppen!!  
 
Festøykollen med Ålesund bak. 

Hundeidvika og fjordkrysset Storfjorden/Hjørundfjorden

Kjente fjell innover Hjørundfjorden

Ny topp i beltet og sesongens første tusenmetring. Vi håpar på fleire slike dagar! 

Ruta = blå strek. 
4,6 km ein veg og omlag akkurat 1000 høgdemeter. 

Eg fekk ei slags sommarkjensle og ny energi av turen - og dagen vart avslutta med fint lys og solnedgang på Vigra. 

Vigra klokka 23.21

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar