søndag 14. august 2016

Branntuva (702 moh) og Reinefjorden

14.08.16 TILBAKEBLIKK

Helga på Horseidet vart avslutta med ein strålande søndag. Per hadde kalkulert med at vi rakk ein tur på Branntuva før båten gjekk. Frå denne sida av dalen åpna det seg nye landskap og variantar av utsikt, mot fjell og hav. Sola varma og vi tinte opp etter kulden dagen før. Terrenget var fullt av hare som hoppa og spratt til alle kantar. Vi rakk både sightseeing i Kjerkfjorden og båten. Båtturen heim var berre lekker, og eg skjønar kvifor turistane kjem langvegsfrå for å oppleve dette.

A beautiful day at Moskenes Island, part of The Lofoten Islands. Hiking to Branntuva before fjordcruising by boat back to Reine. Pretty good to be tourists in our own country.   


Morgonstund i skuggane sin dal

Vi tok stien mot Selfjorden første stykket. Det var godt å komme opp i sola!

Ville fjell på alle kantar - Kråkhammartinden og Marklitinden

Etterkvart åpna landskapet seg. Solbjørnvatnet og baksida av Segltind og Klokktinden

Vi tok av frå stien og gjekk terrenget mot Branntuva. Variert terreng med svaberg, myr og stor ur. Det vart varmt i trøya og harepusar i fleng hoppa kring oss.  

Per på toppen av Branntua. Brasråstindan bak. 

Mot sør og fjella kring Reine

Selfjorden og Flakstadrekka. Det ligg ei turistforeningshytte ved enden av vegen. 

Lag på lag. 

Over dalen såg vi rett mot toppane som vi var på dagen før: Breiflogtind med dobbeltoppen til venstre, og Smeden til høgre

Horseidstranda

Vi gjekk ryggen over Markan tilbake (som også er kommunegrensa mellom Moskenes og Flakstad)

Teambilde og siste glimt av Horseidstranda for denne gong. 

Kjerkfjorden - berre nedoverbakke att med storsekken!

Kjerkfjorden sentrum med Breiflogtind bak. Der har eg vore!!! Litt rått. 

Fjordcruise av første klasse

Segltinden (på ønskelista)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar