lørdag 13. august 2016

Rundtur på Horseidstranda og panoramautsikt frå Smeden (542 moh)

13.08.16 TILBAKEBLIKK

Lofoten Turlag hadde overnattingstur til Horseidstranda. Etter turen på Breiflogtind skilde vi lag, dei fleste for heim, medan Per og eg vart att ei ekstra natt for å få med oss fleire turmål i området. Skydekket letta og sola kikka fram og det vart rett så triveleg. Vi tok oss først ein rundtur på stranda, før vi sette kursen mot Smeden.

Camping and hiking at the Horseid beach in the archipelago of Lofoten. The last resident family stayed until 1948. From our campsite we walked 1,5 km over the sand dunes to get to the sea.

Horeidstranda

Ein rundtur på stranda er ikkje berre berre. Frå telta og ned til sjøen er det ca 1,5 km og stranda er ca 700 meter brei. Det er tungt å gå i sanda, men utruleg fasinerande landskap. Her budde det folk fram til 1948. Hardt liv må det ha vore, med skredfare og storhavet og karrige kår. 

Frå "Øya" som eigentleg er ei halvøy og sørover dalen. Skaret over til Kjerkfjorden midt i bildet. 

Kvalknokkel

Nokre murar var dei einaste synlege spora etter fastbuande

Sanddyner, over fleire kvadratkilometer

Dagen var framleis ung, og det var bikkjekaldt. Det var difor kjakkare å halde seg i rørsle enn å sitte stille. Vi hadde fått i oss mat og var klare for ny tur. 

Ruta til Smeden er å følge grasbakkane midt i bildet til topps. Ingen sti og høge kneløft. 

Turen opp var berre bratt, og lite å sjå. Mykje hare og ei kongeørn som nesten fanga ein hare. 

Då vi kom opp fekk vi betalt for kvar ein høgdemeter. Utsikta til alle kantar var aldeles fantastisk! 

Breiflogtind der vi hadde vore i skodde på førmiddagen

Ryggen ut mot toppen av Smeden. 

Per på siste etappe mot toppen

Reine til venstre og Storskiva og Hermanndalstind til høgre

Rett ned til stranda og Øya med Brasråstindan bak.

Kongeørna skremte oss då ho brått sigla opp frå kanten her, berre nokre meter unna oss. 

Heimveg.

Ekstremt fint! Ein slik kveld som brenn seg i minnet.  

Test av Ringstind superlight.

Lett å bære - ja
Lett å sette opp - ja
Tett - ja
Litt knølete og lite - ja i grunn

Minitelt på miniferie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar