tirsdag 20. februar 2018

Fjellskitur på Frostadtind (ca 800 moh)

19. februar Nokre av oss har ikkje vinterferie, så vi måtte ty til solskinnsfri og avspasere på slutten av dagen. Willy hadde nye fjellski som måtte testast, og Synnøve og eg hadde lyst å gå på Frostadtind i dagslys til ei forandring. Det var påskestemning heile dagen - og sola stod framleis høgt då vi starta på turen.

Tilfeldig forbipasserande baud seg å ta teambilde ved start! Påskestemning!

Utsikt heile vegen - og stadig fleire alpine fjell i horisonten dess høgare vi kom.

Påskestemning II

Synnøve solbakken med solskinnsfri

All slags føre på veg opp. Eg gjekk faktisk i berre trøya heilt opp. På toppen var det iskaldt, og vi realitetsorienterte oss frå påske til vinterferiestemning. 

Førstemann loggar inn..

Pause på toppen! 

Lekkert med utsikt til mange kjente turmål, og endå fleire ukjente toppar som vi ikkje har vore på - endå!

Foto: Synnøve
  
Heilt grei nistepakkeutsikt det her! 

Heimvegen vart magisk, med noko ukontrollert humpeskikøyring over månelandskap og noko silkemjuk puddersnø. Ikkje så gale som frykta. Vi fekk med oss heile solnedgangen på veg heim, og det var ikkje naudsynt med lykt. Lysfest i bakkane. 

Tilbakeblikk mot toppen. Heilskinna ned så langt. 



11,4 km t/r og ca 500 høgdemeter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar