torsdag 12. april 2018

Havblikk og silkeføre

10. april 2018 For tida har eg ein kongstanke om å leite opp det som finst av padlemiljø i nærleiken, og engasjere meg meir på heimlege trakter. Då må ein berre slå til når langtidsvarselet flaumar over med sol og vindstille og Kyrre inviterte til tur på "Kajakk i Giske"-sida på facebook. All erfaring tilseier at padlerar er kjekke og greie, men eg vert likevel litt ekstra spent når eg skal ut i lag med nye folk. Rart med det. Vi vart tre på tur som la ut frå Sjong. I jamnt driv mot havet, horisonten og det som vi satsa på skulle verte ein fin solnedgang. Det var havblikk og vindstille frå første padletak.
   
Stø kurs mot Synes

Synesvågen neste, Erkna i bakgrunnen

Praten gjekk lett og som vanleg har padlarar mykje å diskutere seg i mellom. Det er alltid interessant å dele erfaringar og synspunkt på turar, utstyr og teknikk.  

Synesvågen er eit grunt område med sandbotn - perfekt til leik og rulling og slikt. 
I tillegg er det veldig fint her, og dei kvite snøkledde fjella i horisonten sette ein ekstra spiss på inntrykka. 

På flo sjø er det mogleg å snirkle mykje mellom skjera i vågen.

Vi stakk bortom Seglmerket på Brimneset før vi snudde heimover. Utanfor der kom seige dønningar mot land. Store krefter, sjølv på ein så stille kveld.

Drikkepause - Brimneset

Sola sto lågare no, og lyset skifta frå kvitt til gult, gull og gyldent. For ein fest vi skulle få vere med på! Timinga var perfekt, og vi fekk med oss heile showet til solkula gjekk i havet. Sjøen var så flat at det var freistande å stige ut av kajakken og berre gå bortover overflata. Fløyelsehav. Silkeføre. Solfest. 

Om du syns "Padlarar i solnedgang" er eit traurig motiv så må du gje deg her. Ja, eg gjekk bananas med fotoapparatet. Det var ikkje snakk om effektiv padling innover att, her var det berre å nyte solstrålande og kvelden. Vakkert. Heilt inn i hjarterota fantastisk.   









Heimveg

Kvalneset 

Giskebrua

Vi rakk ein god diskusjon utanfor hamna før det vart heilt mørkt.  Tusen takk for turen! Hyggeleg selskap og gyldne timar. Slike kveldar må ein ta vare på. Veldig kjekt å utvide padlenettverket med så trivelege og fotogene folk!   

ca 17 km t/r 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar