ASKR 2011

Arctic Sea Kayak Race 2011
Når ein frivillig melder seg på noko som inneheld bokstavane R  for "Race" og L for "Long", burde det kanskje ikkje komme som ei overrasking at det er eit visst tempo og lengde på etappane. Dessutan står det med klartekst i informasjonen i tillegg....Eg må innrømme at eg hadde nok mest fokus på A for "Artig", S for "Sjø og Sol" og K for "Kajakk" både før, under og etter.

Våre sprell under ASKR 2011:
Long ramble - Dag 1
Long ramble - Dag 2
Long ramble - Dag 3
Kviledag
Maraton
Gaukværøy

Erfaringar
Dette var eit veldig kjekt arrangement å vere med på. Padlinga gjekk greit. Vi var griseheldige med veret! Om vergudane hadde spelt med andre kort så hadde dag 1 på Long Ramble og maraton verkeleg teke knekken på meg...

Det var hyggeleg å treffe nye folk. Arrangørar og vertskap på Skipnes, individualistane frå Oslo padleklubb, dei kjekke damene frå Stormgjengen i Tromsø, dei fantastiske danskane, Team Sweden, Team Blücher, Göran med sjølvbygd skjønnheit, Padlemia i levande live og alle dei andre...  Dessutan var det fint å vere på langtur med Nina.

Skipnes
Kva har eg lært?
Turkulturen er ganske lik, men padlekulturen varierar meir. Det var interessant å sjå. Det handlar ikkje om rett og gale, men om preferansar og vanar. Det vart svært tydeleg kor påverka vi er av kulturen og miljøet der vi held oss til dagleg, sjølv om vi likar å tru at vi er sjølvstendige og inividualistiske aldri så mykje!

Eg er ikkje spesielt oppteken av å få kajakken til å gå snorrett, så lenge retning og fart er grei. Fleirtalet av kajakkane på "Long ramble" hadde ror. Fleirtalet padla med wingåre. Eg hadde faktisk ikkje sett ei wingåre før. Mange likte ikkje at ein kom nær kvarandre i kajakkar på sjøen. Det gjev folk seg blengen i heime, og legg seg i flåte for ei  kvar anledning.
Vi fekk reaksjonar på at vi ikkje brukte åresnor på flatt hav. Det var relativt lita interesse for rulling, svingteknikk og brottpadling, og påstandar om at normalt turtempo var ca 8 km/t.
Tempoet på Long ramble var heilt greit (objektivt sett altså..) når det var grått (mindre behov for fotografering) og bølgjer. Men på flatt hav, utan vind, med sol og utsikt - då er eg tydeligvis ikkje innstilt på å padle fort rett fram. Og det var i stor grad dei andre.

Det som berga trua mi på vestlandsk padlekultur og kajakkvalet mitt var danskane. Trivelege folk. Kjempeflinke padlarar. Padla fort rett fram, med skegkajakkar, OG leika, rulla, var tekniske og det var fornøyeleg å sjå på. Fleire av dei små nette damene padla Nukaer, for som nokre lyn, og med 20 i stil. HEIA DANMARK!!!

Om eg no skal padle ASKR ein gong til... Og det fristar jo faktisk. Så må eg enten vere i mykje betre form, ha øvd mykje meir på framdriftsteknikk eller vere med på Short Ramble...
Det hadde vore artig å reise oppover med ein gjeng Vestlendingar (Askvoll padleklubb, Ålesund Turpadlelag, Herøy kajakk-klubb - foren eder!) slik at ror-wingåre-mafiaen fekk bryne seg.

4 sett ull er passeleg. Sjølv om det er plass til ubegrensa mykje stæsj i ein kajakk så er det ingen grunn til å fylle den opp. Det BLIR tungt, og det skal pakkast inn og ut av kajakken fleire gonger om dagen i dagesvis.
Nukaen har små luker - alt turutstyr må vere lite nok til å gå nedi. Zip-posar er gull verdt. Ha med bardunar og pluggar til tørkesnor + nokre kleklyper. Bærestropper er ein genial oppfinnelse, og ein god grunn til å alltid vere minst 4 stk på langtur...

1 kommentar: